Omgjering av lån til stipend etter bestått eksamen
Støtta du får frå Lånekassen blir utbetalt som lån. Delar av lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått eksamen eller når du har bestått hele utdanninga. Dette gjeld ikkje heimebuarar, som ikkje har rett til stipend.
Full og delvis omgjering
Full omgjering får du om du består utdanninga du har fått støtte til å ta. Består du berre delar av utdanninga, vil du få delvis omgjering. Tek du færre studiepoeng enn du har fått støtte til, blir du dessutan registrert som forseinka. I desse og andre spesielle tilfelle kan du framleis få full omgjering, men det kan skje på eit anna tidspunkt, les meir om spesielle tilfelle her.
Hugs at dersom du har for mykje inntekt og/eller formue kan stipendet ditt bli gjort om til lån igjen.
På Dine sider ser du om lån er gjort om til stipend.
Det viktigaste om omgjering
Kven kan få omgjering?
Du kan berre få gjort om lån til stipend dersom du har flytta frå foreldrene dine. Bur du i det same huset som foreldrene dine, får du stipend berre dersom huset er delt inn i fleire enn fire forskjellige og klart skilte einingar.
Det er ikkje nok at du bur i eigen bueining i foreldra dine sitt hus eller betaler husleige heime. Heile støtta blir då utbetalt som lån og lånet blir ikkje gjord om til stipend ved fullført utdanning.
Flytter du frå eller til foreldrene dine i løpet av søknadsperioden, må du sende melding til Lånekassen der du oppgir flyttedato. Det er ikkje nok å melde flytting på Dine sider. Flyttar du for deg sjølv, ber vi deg sende inn kopi av leiekontrakta.
Kor mykje lån kan du få gjort om til stipend?
| |
Utbetalt stipend |
Lån som kan bli gjort om til stipend etter bestått eksamen (beløp per måned) |
| Våren 2011 |
kr 0 |
kr 3 560 |
| Hausten 2010 |
kr 0 |
kr 3 560 |
| Våren 2010 |
kr 0 |
kr 3 504 |
| Hausten 2009 |
kr 0 |
kr 3 504 |
| Våren 2009 |
kr 0 |
kr 3 400 |
| Hausten 2008 |
kr 0 |
kr 3 400 |
| Våren 2008 |
kr 0 |
kr 3 316 |
| Hausten 2007 |
kr 0 |
kr 3 316 |
Når skjer omgjeringa?
I løpet av våren sender lærestadene, eller fylkeskommunane, inn eksamensresultata for haustsemesteret, og i løpet av hausten sender dei inn resultata for vårsemesteret. Lånekassen samlar opp resultata og gjer omgjeringa når dei fleste resultata er komne inn.
- Omgjering for hausten skjer i løpet av mars
- Omgjering for våren skjer i overgangen september/oktober
Du får brev når omgjeringa er gjort, med oversikt over kor mykje av lånet som er gjort om til stipend. Brevet kommer på Dine sider dersom du har gitt samtykke til elektronisk kommunikasjon med Lånekassen, ellers får du det i posten.
Korleis skjer omgjeringa?
Omgjering av lån til stipend skjer på bakgrunn av eksamensdata som lærestaden, eller fylkeskommunen, sender inn til Lånekassen. (Tek du utdanning i utlandet, må du sjølv sende inn dokumentasjon på at du har bestått eksamen. Les meir om omgjering ved utdanning i utlandet.)
Lånet blir gjort om til stipend for kvart studiepoeng/vekttall du består, eller når du fullfører utdanninga di. Når Lånekassen har fått eksamensdata frå lærestaden, eller fylkeskommunen, får du eit brev som viser kor mye av lånet som er gjort om til stipend. Brevet kjem ca. tre månader etter at semesteret er avslutta.