Vanleg vidaregåande opplæring
Vanleg vidaregåande opplæring vil seie kurs som følgjer opplæringsplanen for offentlege vidaregåande skolar.
Elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring er dei som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1 .
Utbetaling av stipend og lån
- Du får stipendmeldinga/gjeldsbrevet på lærestaden din. Hugs at du må skrive under på brevet og sende det tilbake til Lånekassen.
- Er du under 18 år, må både du og ein av foreldra dine skrive under.
- Etter at du har fått den første utbetalinga, kjem dei neste den 15. i kvar månad. Heile utstyrsstipendet blir utbetalt på ein gong.
Du kan endre kontonummeret ditt på Dine sider
Du endrar kontonummeret ditt på Dine sider, og du må logge inn med MinID.
Du må bruke K-skjemaet dersom vi ikkje har registrert noko kontonummer som tilhøyrer deg. Send inn K-skjemaet saman med gjeldsbrevet/stipendmeldinga.
Hugs å melde frå om endringar
Hugs at du har plikt til å melde frå dersom
- du byter lærestad. Då må du sende ny søknad til Lånekassen
- du avbryt, tek pause eller blir forseinka i utdanninga
- du flytter til eller frå foreldra dine (meld frå skriftleg)
- du blir sjuk eller får barn
- du endrar studieplanen din
Du kan skrive ut brosjyren "Stipend og lån til vidaregåande opplæring" frå sida "Skriv ut brosjyrar".