Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til søk


Når du bur heime

Inntekta og formuen til forsørgjarane dine avgjer kor mykje du kan få som grunnstipend og lån (behovsprøving). Alle elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett får utstyrsstipend.

Maksimalt stipend og lån til heimebuar

Grunnstipend: Inntil 1 900 kroner per måned
Lån: Inntil 2 640 kroner per måned
Sum stipend og lån: Inntil 4 540 kroner per måned

I tillegg får alle elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett, eit ikkje-behovsprøvd utstyrsstipend på 870, 1 940 eller 2 800 kroner i året. Storleiken på stipendet kjem an på kva for utdanning du tek. Du får stipendet med den første utbetalinga.

Har du arbeidsinntekt eller høg formue, påverkar dette ikkje stipenda dine. Stipenda blir likevel behovsprøvd mot eventuell eiga trygd, pensjon eller lærlinglønn. Er inntekta eller formuen til forsørgjarane dine høg, kan resultatet bli at du ikkje får stipend eller lån utanom utstyrsstipendet.

Bustipend til deg som er gift eller har barn

Heimebuarar får ikkje bustipend. Er du gift eller har barn som du bur saman med, kan du få bustipend sjølv om du bur saman med foreldra dine. Les meir om bustipend på sida "Bur borte". Stipenda og lånet blir heller ikkje behovsprøvde mot inntekta og formuen til forsørgjarane dine. Dersom du har barn, kan du også få forsørgjarstipend.

Finn ut kor mykje du kan få i stipend og lån

Dersom du veit kor stor inntekt forsørgjarane dine (foreldre/steforeldre) hadde på likninga for 2008, kan du anten bruke støttekalkulatoren eller tabellen nedanfor for å finne ut kor mykje stipend og lån du kan få. Utstyrsstipendet kjem i tillegg. Les tabellen slik:

  • Finn rett kolonne ut frå kor mange sysken du har
  • Finn rett rad ut frå forsørgjarane sin økonomi i 2008 (vanleg inntekt)
  • Følg raden bort til kolonnene for stipend og lån og les av kor mykje du kan få per månad

Du finn hele tabellen, med fleire barn, her

Forsørgjarinntekt i heile tusen kroner
og antall barn under 19 år *
Maksimalt stipend og lån per månad **
1 barn 2 barn 3 barn  stipend   lån 
0-236 0-248 0-260               1 900              2 640
237-241 249-253 261-265               1 850               2 640
242-246 254-258 266-270               1 800                2 640
247-251 259-263 271-275               1 750               2 640
252-256 264-268 276-280               1 700               2 640
257-261 269-273 281-285               1 650               2 640
262-266 274-278 286-290               1 600               2 640
267-271 279-283 291-295               1 550               2 640
272-276 284-288 296-300               1 500              2 640
277-281 289-293 301-305               1 450               2 640
282-286 294-298 306-310               1 370               2 640
287-291 299-303 311-315               1 400              2 640
292-296 304-308 316-320               1 350              2 640
297-301 309-313 321-325               1 300                2 640
302-306 314-318 326-330               1 250               2 590
307-311 319-323 331-335               1 200               2 540
312-316 324-328 336-340               1 070              2 490
317-321 329-333 341-345               1 150              2 390
322-326 334-338 346-350                 1 100              2 290
327-331 339-343 351-355                 1 050               2 190
332-336 344-348 356-360                 1 000              2 090
337-341 349-353 361-365                  950               1 990
342-346 354-358 366-370                  900               1 890
347-351 359-363 371-375                  670            1 840
352-356 364-368 376-380                  850              1 790
357-361 369-373 381-385                  800              1 740
362-366 374-378 386-390                  700              1 690
367-371 379-383 391-395                  600              1 600
372-376 384-388 396-400                  500              1 640
377-381 389-393 401-405                  400              1 600
382-386 394-398 406-410                    300              1 640
387-391 399-403 411-415                    150               1 640
392-396 404-408 416-420                     -                1 640
397-401 409-413 421-425                     -                1 520
402-406 414-418 426-430                     -                1 370
407-411 419-423 431-435                     -                   1 220
412-416 424-428 436-440                     -                   1 070
417-421 429-433 441-455                     -                     920
422-426 434-438 446-450                     -                 770
427-431 439-443 451-455                     -                  620
432-436 444-448 456-460                     -                   470
437-441 449-453 461-465                     -                  320
                   osv.                    osv.                    osv.

*) Dersom forsørgjarane har ei formue på meir enn 842 050 kroner, må du leggje 10 prosent av det overskytande beløpet til inntekta for at resultatet skal bli riktig.

**) Forsørgjarstipend og lån til skolepengar kan kome i tillegg.