Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til søk


Utstyrsstipend i vidaregåande

Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend. Stipendet er ikkje avhengig av kva foreldra dine tener, men du må søkje for å få det. Lærlingar og lærekandidatar får ikkje utstyrsstipend.

Utstyrsstipendet frå Lånekassen er uavhengig av kva foreldra dine tener eller har i formue. Det skal bidra til å dekkje utgifter til nødvendig individuelt utstyr som du treng i opplæringa, til dømes kokkeklær, kalkulator eller idrettsutstyr.

Slik søkjer du

Når du har takka ja til skoleplass for skoleåret 2010–2011, søkjer du om stipend på nett. Du kan søkje på www.vigo.no eller på www.lanekassen.no. Søknadsfristen for hausten 2010 er 15. november.

Forskjellige beløp

Kor mykje du får i stipend, kjem an på kva for utdanning du tek.

Beløpa under gjeld for heile skoleåret 2010–2011. Søkjer du støtte berre for eit semester får du halvparten av beløpet.

Kr 870 Kr 1 940 Kr 2 800
  • Studiespesialisering
  • Musikk, dans og drama
  • Helse- og sosialfag
  • Elektrofag
  • Medier og kommunikasjon
  • Service og samferdsel
  • Naturbruk
  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Teknikk og industriell produksjon
  • Idrettsfag
  • Design og håndverk
  • Restaurant- og matfag 

Utdanning i utlandet

Tek du delar av utdanninga i utlandet, får du stipend etter same sats som for den utdanninga du følgjer i Noreg. Får du støtte til å ta heile den vidaregåande opplæringa i utlandet, får du eit utstyrsstipend på 870 kroner per år.

Utbetaling

Du får stipendet saman med den første utbetalinga.

Ved byte av utdanning

Dersom du byter til ei utdanning med høgre stipendsats, kan du få utbetalt differansen. Du må då sende inn ein ny søknad til Lånekassen.