Tommy Nguyen frå Ladejarlen videregåande skule i Trondheim blei éin av dei heldige vinnarane i Lånekassens nettkonkurranse om utstyrsstipend for elevar i VG2. Heile 4523 VG2-elevar deltok i konkurransen i haust.
– Eg fekk lyst til å ta del i konkurransen etter at eg hadde høyrt om det nye stipendet på skulen. Gjennom konkurransen lærte eg enda meir om ordninga, så det var både nyttig og morosamt å ta del. Eg blei overraska da eg fekk vite at eg hadde vunne i konkurransen, fortel Tommy.
God ordning
– Eg fekk informasjon om stipendordninga på skulen min. Ordninga er god fordi ho gjer pengar til oss som treng ekstra utstyr i utdanninga vår. Sjølv går eg på VG2 matfag og har brukt stipendet til klede og kokkeutstyr.
Sushikokk
For Tommy var det naturleg å satse på utdanning innan matfag. – I min familie har mat alltid vore viktig, så det var eigentleg sjølvsagt for meg å velge ei slik utdanning. Planane for framtida endrar seg etter kvart som eg lærer meir om mat og ser alle moglegheitene eg har for arbeid. Akkurat no er draumen å bli sushikokk. Men først skal eg ta fagbrev, allmennfagleg påbygging og kanskje høgskule etter kvart. Livet er langt og fullt av moglegheiter for den som vil jobbe med mat, seier Tommy entusiastisk.
Vinnarane
I tillegg til Tommy vann desse fire VG2-elevane gåvekort på 4000 kroner til iPod eller mobiltelefon:
• Marianne Blikø frå Byåsen videregåande skule, Trondheim
• Camilla Myhren frå Rosthaug videregåande skule, Modum
• Ronny Sørensen frå Polarsirkelen videregåande skule, Mo i Rana
• Daniel Muller Tørnqvist frå Sandaker videregåande skule, Oslo
Søkje om utstyrsstipend
Det er no for seint å søke om utstyrsstipend for hausten 2007. Fristen for å søkje om utstyrsstipend for våren 2008 er 15. mars.
Les meir om utstyrsstipend og korleis du søkjer.
Riktige svar i konkurransen
Kven kan få det nye utstyrsstipendet?
Alt.3: Berre dei i Vg2 med ungdomsrett
Kor mykje kan du få i utstyrsstipend?
Alt. 1: Beløpet avheng av kva for eit utdanningsprogram du tek
Korleis søkjer du om stipend?
Alt. 1: På søknadsblankett A som eg får på skulen
Kva er fristen for å søkje om stipend og lån hausten 2007?
Alt. 3: 15. november