Dei seks vinnarane er trekte. For å delta i konkurransen måtte ein levere nettsøknad før 1. juli og svare på ei spørjeundersøking. Premien var seks gåvekort på pensumbøker til ein verdi av 5 000 kroner.
Gratulerer til vinnarane
-
Stian Amble, ingeniørstudent ved NTNU i Trondheim
-
Elisabeth Breen, sjukepleiarstudent ved Diakonhjemmet Høgskole i Oslo
-
Mariell Holmen, student ved lærar- og lektorutdanninga på Høgskolen i Agder
-
Rigmor Landrø Hepsø, student ved sjukepleiarutdanninga på Høgskolen i Harstad
-
Elisabeth Sagen, student ved linja for bibliotek- og informasjonsvitskap ved Høgskolen i Oslo
-
Cathrine Skibeli, student ved journalistutdanning på Curtin University of Technology i Australia
Lånekassen har kontakta vinnarane. Dei undra seg litt når Lånekassen ringde, og kunne ikkje heilt tru at det stemte. "Er det sant? Tullar du?" spurde Stian.
Lettvint med nettsøknad
Alle vinnarane sa at dei brukte nettsøknaden fordi det er det enklaste. Rigmor har brukt papirsøknad før. Det tykte ho var tungvint, fordi ho både måtte "skaffe seg papirsøknaden og seinare poste den." Mariell bruker nettsøknaden fordi "det gjer søknadsprosessen praktisk og grei frå eiga stove".
Dine sider
Fleire av vinnarane har vore inne på Dine sider og sjekka status for søknaden, men ikkje alle er fortrulege med å få breva frå Lånekassen tilsendt elektronisk i Di postkasse.
Kva er Di postkasse?
Lånekassen har laga ein elektronisk postkasse på Dine sider, der du vil få vedtaksbrev og informasjonsbrev. Vi håper at det gjer det enklare for deg å halde orden på papira dine frå Lånekassen. Vi er i ein startfase og førebels får du ikkje alle breva frå Lånekassen i postkassen.
Når vi legg ut eit nytt brev i postkassen din, får du ei melding på e-post eller mobil om at du kan opne brevet i postkassen. Tenesta er gratis. Er det eit vedtaksbrev, får du brevet i vanleg post dersom du ikkje har opna det innan ei veke. Eit vedtaksbrev kan for eksempel vere svar på ein søknad eller omgjering av lån til stipend. Sjølv om du får det på papir, vil du likevel kunne finne brevet i postkassen på Dine sider. Dersom det er eit informasjonsbrev, vil du ikkje få brevet i posten, sjølv om du ikkje har opna det i Dine sider innan ei veke.
For å kunne opne brev i postkassen må du samtykke i å få brev elektronisk. Du gir samtykket når du er logga inn på Dine sider. Du kan når som helst melde deg av ordninga.
Mange tilbakemeldingar
Lånekassen vil takke både vinnarane og alle andre som søkte tidleg og deltok i spørjeundersøkinga. Vi fekk mange tilbakemeldingar på korleis tenestene våre kan bli betre, og tek dei med oss i den vidare utviklinga av tenestene til Lånekassen.
Vi ønskjer vinnarane lykke til med utdanninga!