Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

eFakturakonkurranse haust 2009

Sist oppdatert: 29.07.2009
Nesten halvparten av kundane i Lånekassen betalar studielånet sitt med eFaktura. Bestiller du eFaktura frå Lånekassen innan 1. oktober 2009, er du med i trekninga av tre terminbeløp i november 2009 (inntil kr 10 000).

Slik får du eFaktura - og er med i trekninga

Du ber om eFaktura i nettbanken din og oppgjer kundenummeret ditt i Lånekassen som eFakturareferanse.

Når du får eFakturaen i nettbanken, treng du berre å godkjenne betalinga før forfallsdato. Les meir på www.lanekassen.no/efaktura.

Konkurranseregler

  • Tre vinnarar får eit terminbeløp på inntil 10 000 kr
  • Vinnarane blir trukke ut blant tilbakebetalarar som skal betale avdrag på studielånet november 2009
  • Vinnarane må ha bedt om eFaktura i nettbanken sin i perioden 1. juli til 1. oktober 2009
  • Vinnarane må ha fått rekningen for forfallet 15. november 2009 på eFaktura, ikkje papir
  • Vinnarane må være nye brukarar av eFaktura på studielånet
  • Du må betale terminbeløpet til forfall 15. november 2009, men vinn du, får du pengane tilbake
  • Trekninga skjer i løpet av oktober 2009. Vinnarane blir kontakta på telefon. Resultatet blir publisert på www.lanekassen.no.