Vi vil sende ut invitasjon om årets informasjonsmøte til skolane. Du bruker lenkja i e-posten du får, til å melde deg på informasjonsmøtet.
Tema på skolemøta
Vi kjem til å gjennomgå ordningane i Lånekassen, orientere om endringar i forskriftene og nemne somme nye ting i arbeidsflata for lærestadene.
Vi sender programmet og nærmare opplysningar før møtet på e-post til dei som har meldt seg på.
Vaksenopplæring
I år er det spesielt fokusert på vaksenopplæring, og ca. ein time av møtet vil gå med til dette. Vi oppmodar dei av dykk som jobbar med vaksenopplæring, til å delta på møtet i år. Det er berre ansatte som arbeider med vaksenopplæring som treng å delta på denne delen av møtet.
Lånekassen bruker omgrepet vaksenopplæring om elevar som har rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3, og som følgjer spesielt tilpassa utdanningsopplegg. Desse utdanningsopplegga har ”voksenopplæring” som ein del av namnet.
Slik melder du deg på
Du klikkar på lenkja du får i e-posten. Merk at påmeldinga er personleg. Kvar enkelt person som ønskjer å delta på møtet, må sjølv melde seg på. Det er ikkje mogeleg å melde på fleire personar samtidig, sjølv om det er fleire frå lærestaden din som skal delta.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål, er det fint om du tek kontakt med kontaktpersonen som står oppført i invitasjonen, eller du kan ringje 815 75 222.
Oversikt over Lånekassens informasjonsmøte
Her finn du oversikt over informasjonsmøte 2011.