Ventar du barn under utdanninga? Då kan du ta permisjon ein periode. Du får pengar frå Lånekassen i opptil 44 veker.
Kva er foreldrestipend?
Foreldrestipend blei tidlegare kalla fødselsstipend og er pengar du får når du får barn under utdanninga. Beløpet er nøyaktig det same som du elles ville fått som lån og stipend til saman, men du får alt som stipend i den perioden du får foreldrestipend.
Kven kan få foreldrestipend?
Får du barn medan du er i utdanning, kan du få foreldrestipend. Det gjeld både ved fødsel og adopsjon. Både mor og far kan få foreldrestipend, men begge foreldra kan ikkje få det samtidig.
Alle vilkåra nedanfor må vere oppfylte for at du skal få foreldrestipend:
- Du må ha vore i utdanning og hatt rett til stipend eller lån frå Lånekassen dei siste seks månadene før fødselen/adopsjonen. Du treng ikkje å ha fått støtte. Vi kan gjere unntak ved prematur fødsel. Var du i utdanning om våren, vil sommarferien telje med i dei seks månadene.
- Du må bu saman med barnet.
- Tek ektefellen eller sambuaren din ut fulle foreldrepengar frå Nav får du ikkje foreldrestipend. Har ektefellen eller sambuaren din gradert uttak av foreldrepenger, blir det gitt full foreldrestipend dersom han eller ho tek ut mindre enn 50 prosent foreldrepenger, og halvt foreldrestipend dersom han eller ho tek ut 50 prosent foreldrepenger eller meir.
Les meir om foreldrestipend: