Avbryt du ei utdanning du har fått støtte til, må du gi melding til Lånekassen snarast.
Avbrot i utdanninga
Dersom du avbryt ei utdanning du har fått støtte til, må du snarast gi melding til Lånekassen, slik at pengeoverføringa kan bli stoppa. Den enklaste måten å melde frå til Lånekassen på, er å sende oss ein e-post inne på Dine sider. Du loggar inn med MinID.
Dei periodane du har fått pengar frå Lånekassen, men manglar faglege resultat for, vil bli rekna som ei forseinking. Du kan vere inntil eitt år forseinka og likevel få stipend og lån. Du får ikkje noko lån gjort om til stipend dersom du manglar faglege resultat.
Pause i utdanninga
Tek du ein pause frå ei utdanning når du ikkje får pengar frå Lånekassen, vil det ikkje ha noko å seie for sjansane dine til å få stipend og lån seinare. Du må berre vere klar over at det blir rekna renter på lånet ditt, og at du etter ca. sju månader vil få det første betalingskravet.
Du må sjølv søkje om utsetjing av betalinga og sletting av renter, dersom du fortsetjer å studere utan støtte frå Lånekassen.
Sjuk eller gravid?
Dersom grunnen til avbrotet eller pausen er at du blei sjuk eller gravid, bør du lese om sjukestipend og foreldrestipend ved fødsel.
Avbryte utdanning i utlandet
Avbryt du studier i utlandet, må du sende skriftleg melding til Lånekassen, helst i brev eller på faks. Du må også skaffe dokumentasjon frå lærestaden som er skrive til deg.
Lånekassen treng dokumentasjon på
- Datoen for når semesteret ditt starta
- Datoen for når du avbrøyt studiet
- Datoen for når semesteret skulle vore avslutta
- Dersom du er tildelt skolepengar, må lærestaden stadfeste kor mykje som er full betaling for semesteret og kor mykje du har betalt. Eventuell tilbakebetaling eller om dette blir vurdert, må gå fram av dokumentasjonen
- Lånekassen treng også dokumentasjon på eventuelt oppnådde resultat ved lærestaden fram til utdanninga blei avbrutt