Rentene begynner å løpe
Hvis du ikkje søkjer om støtte eller ikkje lenger har rett til støtte, og har tatt opp lån tidlegare, begynner rentene å løpe på lånet ditt.
Det blir rekna renter frå og med den første månaden etter at du slutta å motta støtte, og du vil normalt få tilsendt ein betalingsplan etter fire månader.
Dersom du ikkje mottek støtte frå Lånekassen vil rentene løpe på lånet ditt sjølv om du er under utdanning. Då må du sjølv søkje om betalingsutsetjing for å sleppe å betale medan du studerer, og om rentefritak (sletting av renter). Lånekassen får ikkje informasjon om dette automatisk frå lærestaden.
Fulltidsutdanning utan støtte
Tek du fulltidsutdanning utan at du mottek støtte frå Lånekassen? Sjølv om utdanninga du tek gjer deg rett til støtte og dermed rentefritak (sletting av renter), vil renta likevel løpe på lånet ditt medan du er i utdanning.
Når du tek utdanning utan å søkje støtte, må du søkje om betalingsutsetjing for kvart semester (du kan maksimalt få innvilga to utsetjingar om gongen). Du kan berre søkje om rentefritak i etterkant, det vil seie når du er ferdig med utdanninga og har bestått eksamen.
Fulltidsutdanning med støtte etter ein pause
Dersom du får støtte til fulltidsutdanning etter ein pause, får du automatisk betalingsutsetjing og rentefritak (sletting av renter) på studielånet ditt i støtteperioden. Du treng ikkje å søkje spesielt om dette.
Deltidsutdanning utan støtte
Tek du deltidsutdanning og har rett til støtte, kan du ha rett til rentefritak (sletting av renter) dersom du har lav inntekt. Les meir om rentefritak under utdanning. Du må søkje om betalingsutsetjing for kvart semester (du kan maksimalt få innvilga to utsetjingar om gongen). For å få rentefritak må du i tillegg stå på eksamen.
Forseinking
Tek du fulltidsutdanning og er meir enn eitt år forseinka har du ikkje rett på støtte. Rentene løper på lånet ditt og du har ikkje rett til rentefritak (sletting av renter) sjølv om du er i utdanning. Eit unntak er dersom du mottek sjukestipend eller foreldrestipend ved fødsel. Du kan hente inn forseinking ved å ta utdanning utan støtte frå Lånekassen.