Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Kor lenge kan du få støtte?

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Du kan få støtte i opptil åtte år til saman til høgare og anna utdanning utover vanleg vidaregåande opplæring.

Du kan ikkje få støtte i meir enn åtte år sjølv om du skulle bli forseinka. Det kan gjerast unntak dersom du er forseinka på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller fødsel/adopsjon.

Skal du ta ei PhD-utdanning i utlandet, vil du kunne få støtte i opptil ti år til saman etter reglane for støtte for høgare utdanning.

Eit år med støtte til deltidsutdanning tel som eit år med støtte til fulltidsutdanning.

Eksempel

Du har tatt   Antall år
Folkehøgskole 1 år
Psykologi grunnfag (ikkje bestått = forseinka) 1 år
Fysioterapi 3 år
Sum 5 år
Du planlegg å ta  
Medisinutdanning 6 år
Totalt antall år med utdanning 11 år
Maksimalt antall år med støtte frå Lånekassen 8 år
Antall år du må finansiere sjølv 3 år