Stipendet du får utbetalt er ikkje endeleg fastsett når du får pengane eller når eksamen er bestått. Alle blir automatisk kontrollerte mot likninga når den er klar, vanlegvis eitt til to år etter at du fekk pengane, men det kan også gå lengre tid.
Kva skjer om du går over beløpsgrensene?
Trygd inngår som ein del av personinntekta, men det er ulike fribeløp for ulike typar trygdeytingar. Det fins òg visse trygdeytingar som vi ser heilt bort frå når vi gjer om stipend til lån.
Stipendet ditt blir redusert med fem prosent per månad av den trygda som er over beløpsgrensa. Beløpsgrensene finn du lenger ned på sida.
Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men vi krev ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eventuelt forsørgjerstipend.
Det er likningsopplysningane for den perioden du har fått støtte som gjeld. Opplysningane blir overført frå Skatteetaten.
Trygdeytingar med same beløpsgrenser som person- og kapitalinntekt
- Foreldrepengar
- Sjukepengar
- Dagpengar under arbeidsløyse
- Adopsjonspengar
For å behalde maksimalt stipend kan du ikkje ha trygdeytingar over desse grensene:
| Kalenderår |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2013 |
kr 151 216 |
kr 378 041 |
| 2012 |
kr 145 400 |
kr 363 501 |
| 2011 |
kr 140 823 |
kr 352 059 |
| 2010 |
kr 136 061 |
kr 340 153 |
| 2009 |
kr 128 360 |
kr 320 899 |
| 2008 |
kr 122 247 |
kr 305 618 |
| 2007 |
kr 116 983 |
kr 292 458 |
| 2006 |
kr 113 027 |
kr 282 568 |
| 2005 |
kr 108 680 |
kr 271 700 |
| 2004 |
kr 104 500 |
kr 261 250 |
| *Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i løpet av eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget. |
Trygdeytingar med lågare beløpsgrenser enn person- og kapitalinntekt
- Overgangsstønad
- Attføringspengar
- Rehabiliteringspengar
- Tidsavgrensa uførestønad
- Arbeidsavklaringspengar
- Uførepensjon
- Barnepensjon
- Etterlattepensjon
- Alderspensjon
- Introduksjonsstønad
For å behalde maksimalt stipend, kan du ikkje ha trygdeytingar over desse grensene:
| Kalenderår |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2013 |
kr 80 910 |
kr 226 824 |
| 2012 |
kr 77 798 |
kr 218 100 |
| 2011 |
kr 75 349 |
kr 211 235 |
| 2010 |
kr 72 801 |
kr 204 092 |
| 2009 |
kr 68 680 |
kr 192 540 |
| 2008 |
kr 65 409 |
kr 183 371 |
| 2007 |
kr 62 593 |
kr 175 475 |
| 2006 |
kr 60 476 |
kr 169 541 |
| 2005 |
kr 58 150 |
kr 163 020 |
| 2004 |
kr 55 910 |
kr 156 750 |
| *Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer sju månader eller mindre i eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget. |
Trygdeytingar som vi ser bort frå
- Kontantstøtte
- Barnetrygd
- Skattefrie attføringsstønader
- Eingangsstønad ved adopsjon
- Eingangsstønad ved fødsel
- Gravferdsstønad
- Grunn- og hjelpestønad
- Menerstatning ved yrkesskade
- Stønad til barnetilsyn
- Stønad ved helsetenester
- Utdanningsstønad
- Andre skattefrie ytingar
Desse trygdeytingane reknast ikkje som inntekt og speler difor ikkje noko rolle for kor mye stipend du får. Vi ser òg bort frå eventuelle bidrag du eller barna dine mottek.