Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Kvotestudentar

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 16.05.2012
Universiteta og høgskolane i Noreg tek kvart år opp studentar frå utviklingsland, landa på Vest-Balkan, og land i Aust-Europa og Sentral-Asia til spesielle utdanningsprogram (kvoteprogram).

For å få vite kva land, institusjonar og utdanningar som kjem inn under kvoteordninga, kan du ta kontakt med Senter for internasjonalisering av høyere utdanning (SIU) eller universiteta og høgskolane i Noreg.

Programma omfattar til vanleg kurs på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, og somme profesjonsutdanningar. Du må ha minst to år med høgare utdanning for å bli teken opp i eit slikt program, men ved somme profesjonsutdanningar blir det gjort unntak frå det kravet. Undervisninga blir gitt anten på norsk eller engelsk.

Det er lærestadene som har ansvar for opptaket av studentar til kvoteprogrammet. Til vanleg tek lærestadene i Noreg berre opp studentar frå lærestader i kvoteland som dei har samarbeidsavtalar med. Første steg for å få kvoteplass er derfor å finne ut kva utdanningsinstitusjonar i heimlandet ditt som har samarbeid med lærestader med kvotestudentar i Noreg.

For å få stipend og lån frå Lånekassen må du ha

  • fått studieplass på eit kvoteprogram
  • opphaldsløyve i Noreg for å ta utdanning
  • som plan at du skal bruke utdanninga i heimlandet

Spesielle reglar for tilbakebetaling

Dersom du har fått lån frå Lånekassen til ei utdanning som inngår i kvoteprogrammet, kan du søkje om å få sletta studiegjelda di når du flytter tilbake til heimlandet ditt og blir buande der. Du vil få tilsendt informasjon om korleis du søkjer. Før du flytter heim, må du hugse å gi Lånekassen adressa di i heimlandet.

Dersom du blir buande i Noreg i ein periode etter avslutta utdanning, eller du ikkje får utdanningsstøtte frå Lånekassen for heile perioden, må du melde frå til Lånekassen når du reiser heim.

Dersom du buset deg i Noreg eller i eit anna land enn heimlandet ditt, får du ikkje sletta gjelda di. Då må du betale lånet ditt tilbake.