Reiser du tilbake til heimlandet etter at utdanninga er avslutta, kan du søkje om å få ettergitt gjelda når du kan dokumentere at du har budd der i minst eitt år.
Dokumentasjon på flytting
Som dokumentasjon godtek vi attest/brev frå arbeidsgivaren din. Dersom du har vore arbeidsledig, godtek vi dokumentasjon frå offentleg styresmakt.
Betalingsvilkår for dei som ikkje flyttar heim
Blir du buande i Noreg eller reiser til eit anna land enn heimlandet, vil du få tilsendt ein betalingsplan og må rekne med å betale tilbake lånet på vanlege vilkår. Reglane for betalingsutsetjing og rentefritak vil då gjelde for deg også.
Ettergiving ved seinare heimreise
Gjelda kan bli ettergitt sjølv om du ikkje reiser heim like etter at utdanninga er fullført. Dette gjeld for eksempel
- om du ikkje får meir støtte frå Lånekassen, men likevel vel å bli i Noreg for å fullføre eller ta meir utdanning
- om du vel å jobbe i Noreg i ein periode
Gjelda kan først bli ettergitt når du kan dokumentere å ha budd i heimlandet i minst eitt år.
Retur til Noreg
Dersom du har fått ettergitt gjelda og kjem tilbake til Noreg før det har gått ti år, må du likevel betale tilbake gjelda.