Du kan få forsørgjarstipend for barn født i 1997 eller seinare. Det er eit vilkår at du bur saman med barnet i Noreg.
Dersom du bur med ektefellen/sambuaren/partnaren din, er retten til forsørgjarstipend avhengig av kor mykje ho/han har i brutto månadsinntekt (inntekt/trygd/stønad) i søknadsperioden.
Slik søkjer du om forsørgjarstipend
Det er ikkje eit eige søknadsskjema for å søkje om forsørgjarstipend. Du må laste opp dokumentasjonen som vedlegg til nettsøknaden eller ettersende den i posten.
Dokumentasjon
- fødselsattest for barn født i Noreg
- kopi av opphaldsløyve i passet som viser når barnet kom til Noreg
- kopi av vedtak frå UDI som viser opphaldsgrunnlaget og vedtaksdatoen
- dokumentasjon som viser eventuell ektefelle/sambuar/partnar si brutto månadsinntekt, for eksempel kopi av siste lønnsslipp. Har ikkje ektefellen/sambuaren/partnaren din inntekt, må du oppgi kr 0 i nettsøknaden og sende inn ei eigenerklæring om det
Les meir om forsørgjarstipend.