Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Reiser

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Kvotestudentar kan få støtte til innreise, heimreise og feltarbeid i heimlandet.

Innreise til Noreg
Feltarbeid
Årleg heimreise
Endeleg heimreise 

Søknad om støtte til innreise til Noreg

Du kan få støtte til innreise til Noreg når utdanninga startar. Du må kontakte lærestaden for å få Q-skjema som du må fylle ut.  Lærestaden må stadfeste opplysningane i eit eige felt på skjemaet.

Søknad om støtte til feltarbeid i heimlandet

Dersom feltarbeid i heimlandet inngår i utdanninga, kan du få støtte til ei tur-retur-reise. Det blir gitt støtte til utvida studieår dersom feltarbeidet blir gjennomført om sommaren, men berre for den perioden feltarbeidet varer.

For at ei reise til heimlandet skal bli godkjend som eit feltarbeid, er det eit krav at du faktisk skal samle inn (kjelde)materiale i heimlandet. Du må derfor leggje ved ei stadfesting frå rettleiar eller annan fagansvarleg.

Send inn

  • Q-skjema som du får ved å kontakte lærestaden din. Lærestaden må stadfeste opplysningane om reisa i eit eige felt på skjemaet.
  • stadfesting frå rettleiar eller fagansvarleg som viser at feltarbeidet er ein godkjend og nødvendig del av utdanninga i Noreg. Perioden for feltarbeidet må vere oppgitt (frå- og til-dato).

Søknad om støtte til årleg heimreise

Du kan få støtte til ei heimreise i året når utdanninga i Noreg har vart i minst eitt år. Startar du utdanninga i vårsemesteret, kan du få støtte til heimreise når studiet har vart i eitt semester eller meir.

Støtte til årleg heimreise kan bli gitt uavhengig av når på året du vel å reise, dersom lærestaden godkjenner fråværet. Det er eit vilkår at du ikkje har vore på feltarbeid semesteret før, eller skal på feltarbeid semesteret etter.

Du må kontakte lærestaden for å få Q-skjema som du må fylle ut.  Lærestaden må stadfeste opplysningane i eit eige felt på skjemaet.

Støtte til endeleg heimreise

Du kan få støtte til endeleg heimreise etter avslutta utdanning i Noreg. Du må kontakte lærestaden for å få Q-skjema som du må fylle ut.  Lærestaden må stadfeste opplysningane i eit eige felt på skjemaet.