Kvotestudentane skal søkje på nettet
Som kvotestudent skal du bruke søknaden på Dine sider, du treng MinID-kodar for å logge deg inn. Lærestaden din vil stadfeste at du er teken opp på kvoteprogrammet når søknaden din blir send til Lånekassen.
Rettleiing til kvotestudentar
Første gongen du søkjer om støtte, må du sende inn denne dokumentasjonen elektronisk som vedlegg til nettsøknaden eller i posten:
- Vedtak om opphaldsløyve frå UDI.
- Opptaksbrev frå lærestaden med opplysningar om kor lenge utdanninga varer.
- Q-skjema, som du får ved å kontakte lærestaden din.
Merk: Dokumentasjon sender du inn (via lærestaden) etter at du har sendt inn søknaden om støtte.
Spesielt for nye kvotestudentar
Eit startstipend som tilsvarer basisstøtte for to månader, blir betalt ut til nye kvotestudentar når dei kjem til lærestaden, eller ved semesterstart. Ordninga gjeld i det første semesteret for alle nye kvotestudentar.
Presiseringar
Masterstudentar – ikkje rett til støtte i sommarmånadene
Studerer du på mastergradsnivå, har du til vanleg ikkje rett til støtte i sommarmånadene. Du kan få støtte til utvida studieår dersom feltarbeidet blir gjennomført om sommaren. Sjå meir informasjon under Reiser. Som mastergradsstudent kan du også få støtte om sommaren dersom du er forseinka i siste semester av utdanninga og treng å bruke sommaren til å fullføre graden din.
PhD – avslutningsdato
Er du student på doktorgradsnivå, har du rett til støtte fram til avhandlinga skal leverast. Når Lånekassen ber om stadfesting på avslutningsdato, er det datoen for innlevering vi ønskjer, ikkje datoen du skal disputere.
Delstudium
Støtte til delstudium i tredjeland (anna land enn Noreg eller heimlandet) blir gitt etter dei same reglane som for andre studentar. Les meir om delstudium.