Lærlingar som ikkje har lovfesta rett til vidaregåande opplæring, kan få stipend og lån dersom dei har godkjend lærekontrakt.
Ein viktig forskjell mellom lærlingar utan ungdomsrett og dei med ungdomsrett, er at lærlingar utan ungdomsrett får stipend og lån etter dei same satsane som for høgare utdanning. Du kan bruke støttekalkulatoren for å sjå kor mykje du kan få.
Ein annan viktig forskjell er at lærlinglønna blir behandla som vanleg inntekt. Dersom inntekta di er høgare enn beløpsgrensa, blir stipendet ditt redusert, les meir om inntekt og formue her. Men du vil få støtte i 11 månader, som alle lærlingar gjer.
Du må ha godkjend lærekontrakt før du søkjer
- Det er opplæringskontoret i fylkeskommunen som godkjenner lærekontrakten
- Fylket som er oppført på lærekontrakten, er det fylket du skal opplyse om i søknaden til Lånekassen
- Når du søkjer om støtte, må du bruke nettsøknaden for høgare og anna utdanning. Logg inn på Dine sider og søk om støtte
Du kan ikkje søkje utan godkjend lærekontrakt. Dersom du har spørsmål rundt kontrakten din, må du kontakte opplæringskontoret i fylket ditt eller opplæringsbedrifta du er i.
Hald deg oppdatert med SMS og e-post
Dersom du legg inn mobilnummeret ditt eller e-postadressa di på Dine sider, sender vi deg viktig informasjon om behandlinga av søknaden din. Tenesta er gratis.
Nyttige lenkjer