Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Slik får du pengane

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Informasjonen på denne sida gjeld deg som allereie har fått innvilga søknad om stipend eller lån.

Du får overført pengar til konto når desse krava er oppfylte:

  1. Vi har motteke signert utbetalingspapir/gjeldsbrev frå deg. Er du under 18 år, må også foreldra dine skrive under på gjeldsbrevet/ stipendmeldinga. Du må sende inn originalt gjeldsbrev, ikkje faks eller kopi. Har du mist eller ikkje fått gjeldsbrevet, kan du bestille nytt gjeldsbrev på Dine sider.
  2. Vi har registrert eit gyldig kontonummer å betale ut støtta til. Du kan endre kontonummer på Dine sider.
  3. Vi har fått stadfesta frå lærestaden at du har opptak til utdanninga du har søkt om støtte til (semesteravgifta må også vere betalt).

Logg inn på Dine sider og sjekk kva som manglar for at du skal få utbetalt pengane.

Kvar blir gjeldsbrevet sendt?

Studentar ved universitet og høgskolar og lærlingar får gjeldsbrevet tilsendt i posten.  Papirgjeldsbrevet / stipendmeldinga blir send til den folkeregistrerte bustadsadressa di eller til postadressa di. Postadressa bruker vi berre når du sjølv har lagt den inn på Dine sider. Dei som har fått innvilga stipend eller lån for både hausten og våren, vil berre få eitt gjeldsbrev som gjeld for begge semestera.

Studentar ved andre lærestader må hente gjeldsbrevet på lærestaden ved starten av kvart semester.

Les meir