Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Omgjering av lån til stipend

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Støtta du får frå Lånekassen blir utbetalt som lån. Delar av lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått eksamen eller når du har bestått heile utdanninga. Dette gjeld ikkje heimebuarar, som ikkje har rett til stipend.

Full eller delvis omgjering

Full omgjering får du om du består utdanninga du har fått støtte til å ta. Består du berre delar av utdanninga, vil du få delvis omgjering. Tek du færre studiepoeng enn du har fått støtte til, blir du dessutan registrert som forseinka. I desse og andre spesielle tilfelle kan du framleis få full omgjering, men på eit anna tidspunkt, les meir om spesielle tilfelle ved omgjering her.

Hugs at dersom du har for mykje inntekt og/eller formue kan heile eller delar av stipendet ditt bli gjort om til lån igjen.

Kven kan få omgjering?

Du kan berre få gjort om lån til stipend dersom du har flytta frå foreldrene dine. Bur du i det same huset som foreldrene dine, får du stipend berre dersom huset er delt inn i fleire enn fire forskjellige og klart skilte einingar.

Det er ikkje nok at du bur i eigen bueining i foreldra dine sitt hus eller betaler husleige heime. Heile støtta blir då utbetalt som lån og lånet blir ikkje gjord om til stipend ved fullført utdanning.

Meld frå dersom du flytter

  • Flytter du frå eller til foreldra dine i løpet av søknadsperioden, må du sende melding til Lånekassen der du oppgir flyttedato, ny adresse og om du bur med foreldra dine. Den enklaste måten å melde frå til Lånekassen på, er å sende oss ein e-post inne på Dine sider.
  • Det er ikkje nok å endre postadresse på Dine sider.
  • Du treng ikkje endre adresse i folkeregisteret for å få omgjort lån til stipend.

Kor mykje lån kan du få gjort om til stipend?

  Utbetalt stipend Lån som kan bli gjort om til stipend
etter bestått eksamen
(beløp per måned)
Våren 2012 kr 0 kr 3 632
Hausten 2011 kr 0 kr 3 632
Våren 2011 kr 0 kr 3 560
Hausten 2010 kr 0 kr 3 560
Våren 2010 kr 0 kr 3 504
Hausten 2009 kr 0 kr 3 504
Våren 2009 kr 0 kr 3 400
Hausten 2008 kr 0 kr 3 400
Våren 2008 kr 0 kr 3 316
Hausten 2007 kr 0 kr 3 316
Våren 2007 kr 0 kr 3 256
Hausten 2006 kr 0 kr 3 256
Våren 2006 kr 0 kr 3 200
Hausten 2005 kr 0 kr 3 200
Våren 2005 kr 0 kr 3 200
Hausten 2004 kr 0 kr 3 200
Våren 2004 kr 2 000 kr 1 200

Beløpa gjeld berre for deg som tar utdanning på heltid og det er berre basisstøtte som vert omgjerd. Basisstøtta er det faste beløpet alle i høgare utdanning får. Støtte til skolepenger vert ikkje gjort om.

Når skjer omgjeringa?

I løpet av våren sender lærestadene, eller fylkeskommunane, inn eksamensresultata for haustsemesteret, og i løpet av hausten sender dei inn resultata for vårsemesteret. Lånekassen samlar opp resultata og gjer omgjeringa når dei fleste resultata er komne inn.

  • Omgjering for hausten skjer i løpet av mars
  • Omgjering for våren skjer i overgangen september/oktober

Du får brev når omgjeringa er gjort, med oversikt over kor mykje av lånet som er gjort om til stipend. Brevet kommer på Dine sider dersom du har gitt samtykke til elektronisk kommunikasjon med Lånekassen, ellers får du det i posten.

Korleis skjer omgjeringa?

Omgjering av lån til stipend skjer på bakgrunn av eksamensresultata som lærestaden, eller fylkeskommunen, sender inn til Lånekassen. 

Lånet blir gjort om til stipend for kvart studiepoeng du består, eller når du fullfører utdanninga di.

Utdanning i utlandet

Tek du utdanning i utlandet, må du sjølv sende inn dokumentasjon på at du har bestått eksamen. Slik dokumenterer du bestått eksamen ved utdanning i utlandet.