Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Likningskontroll

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
Stipendet blir behovsprøvd mot personinntekt og formue.

Når likninga er klar, kontrollerer Lånekassen om du har hatt personinntekt eller formue over dei grensene som er fastsette. Opplysningane blir automatisk innhenta frå Skatteetaten. Dersom du er usamd i beløpa, må du vende deg til Skatteetaten.

Stipend kan bli gjort om til lån igjen

Det du har fått for mykje i stipend, blir gjort om til lån, men du treng ikkje betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av lånet. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eit eventuelt forsørgjarstipend.

Ikkje unntak for særeige for ektefelle

Alle blir behovsprøvde mot samla formue anten dei er gifte eller sambuar med felles barn. Lånekassen kan ikkje sjå bort frå delar av formuen sjølv om du sender inn kopi av ektepakt.

Nyttige lenkjer