Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Spesielle tilfelle ved omgjering

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012

Dersom du tek om igjen ein eksamen

Dersom du tek opp ein eksamen som ikkje er bestått tidlegare, vil du få gjort om lån til stipend når lærestaden har sendt inn resultatet til Lånekassen. Dette gjeld eksamenar som er tekne frå og med våren 2004. Les meir om studieprogresjon og forseinking.

Når studiepoeng blir registrert først ved avslutta utdanning

Tek du ei grad der studiepoeng først blir registrert ved avslutta utdanning, vil omgjeringa skje etter at Lånekassen har fått rapportert kor mange studiepoeng du har bestått. Det betyr at det kan gå fleire semester/undervisningsår før du får gjort om lån til stipend.

Ujamn fordeling av studiepoeng per semester

Tek du ei 3-årig bachelorgrad, gir det deg 180 studiepoeng. Normalt er det 60 studiepoeng per år.

Einskilde grader og utdanningar er lagt opp slik at fordelinga av studiepoeng som takast kvart semester eller undervisningsår er ujevn. Tek du til dømes 45 studiepoeng det første året, kan du ta 65 studiepoeng andre året og 70 studiepoeng det tredje for å oppnå full studiebelastning i løpet av tre år.

Følgjer du eit slikt undervisningsopplegg, vil du ikkje få full omgjering det første året. Seinare i utdanninga, når du har tatt dei manglande studiepoenga, vil vi gjere om den delen av lånet du tidlegare ikkje har fått omgjort på grunn av dei manglande studiepoenga. 

Når du tar meir enn 30 studiepoeng på eitt semester

Består du meir enn det som er full studiebelastning, det vil seie meir enn 30 studiepoeng per semester, ser vi først på om du tidlegare har tatt færre studiepoeng enn det du har fått støtte til. I så fall, vil dei ekstra studiepoenga bli plasserte på semester der det manglar studiepoeng. Vi plasserar alltid dei ekstra poenga på nyaste semester med manglande poeng.

Har du tidlegare bestått alle studiepoenga du har fått støtte til, blir dei studiepoenga du tar utover 30 studiepoeng, satt på ein "sparekonto". Dei ekstra studiepoenga vil telje i forhold til omgjering dersom du ikkje oppnår nok studiepoeng til å få full omgjering i seinare semester.

Når du har vore sjuk eller fått barn

Har du vore sjuk og fått sjukestipend, eller fått barn og motteke foreldrestipend, kan du likevel få full omgjering for det aktuelle semesteret sjølv om du ikkje har bestått alle eksamenane.

Lærlingar utan lovfesta rett til utdanning

Er du lærling utan lovfesta rett til utdanning, blir lånet ditt gjort om til stipend når fagprøven er bestått og Lånekassen har fått melding frå fylket om det. Det kan gå to til tre månader frå du består fagprøven til lånet ditt blir gjort om til stipend.

Sjå oversikt over alle omgjeringar på Dine sider

På Dine sider finn du ei oversikt over eksamen du har bestått tilbake til hausten 2005. Resultat før hausten 2005 vises ikkje i oversikta.

Du har også fått brev om all omgjering som er gjort. Du finn brev om omgjering i den elektroniske postkassen din på Dine sider.