Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Så mykje kan du få

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 23.04.2012
Lån og stipend frå Lånekassen blir utbetalt månadleg, normalt den 15. i månaden og med eit større beløp ved første utbetaling kvart semester.

Basisstøtte til høgare og anna utdanning i 2012-2013

Hausten 2012 Utbetaling per månad
August  kr 18 498
September  kr 6 938
Oktober kr 6 938
November kr 6 938
Desember kr 6 938
Sum kr 46 250
Våren 2013 Utbetaling per månad
Januar kr 18 498
Februar kr 6 938
Mars kr 6 938
April kr 6 938
Mai kr 6 938
Sum kr 46 250

Omgjering av lån til stipend

Når du består eksamen, og har inntekt og formue innanfor grensene våre, kan delar av lånet ditt bli gjort om til stipend.

Totalt utbetalt Lån Kan bli stipend
Hausten 2012 kr 46 250 kr 27 750 kr 18 500
Våren 2013 kr 46 250 kr 27 750 kr 18 500
Sum for året kr 92 500 kr 55 500 kr 37 000

Vilkår for beløpa i tabellen

  • Beløpa gjeld dersom du er student og har fått innvilga støtte til fulltidsutdanning (30 studiepoeng per semester).
  • Dersom søknaden blir behandla seint i semesteret, blir den første utbetalinga større.
  • Beløpa over er maksimal basisstøtte. Får du tildelt lån til skolepengar, reisestipend eller forsørgjarstipend kjem det i tillegg.
  • Har du fått innvilga støtte til skolepengar, vil du få det utbetalt saman med den første utbetalinga kvart semester.
  • Heile basisstøtta blir utbetalt som lån.
  • Noko av basisstøtta kan bli gjort om til stipend når eksamen er bestått, dersom du er bortebuar.
  • Heile eller delar av stipendet kan bli gjort om til lån igjen dersom inntekta eller formuen din er for høg.
  • Beløpa er baserte på at studieåret varer i 10 månader.

Lånet er rentefritt mens du er i utdanning

Det blir ikkje rekna renter av lånet så lenge du er i fulltidsutdanning og får pengar frå Lånekassen til utdanninga.