Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Forsørgjarstipend

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 30.03.2011
Bur du saman med barn fødde i 1997 eller seinare som du forsørgjer, kan du få forsørgjarstipend.

Forsørgjarstipendet er opptil 1 490 kroner per månad for kvart av dei to første barna, og opptil 970 kroner per månad for kvart barn fleire enn to. Bruk støttekalkulatoren til å rekne ut kor mykje du kan få.

Du må ha minst 40 prosentsamvær med barnet for å få forsørgjarstipend. Både mor og far til barnet kan få forsørgjarstipend, dersom dei begge får støtte frå Lånekassen.

Slik søkjer du

Legg ved fødselsattest for barnet/barna første gong du søkjer om stipend og lån. Det er ikkje noko eige søknadsskjema for forsørgjarstipend.

Behovsprøving mot inntekta og formuen din

Forsørgjarstipendet blir behovsprøvd mot inntekta og formuen din når likninga er klar for det kalenderåret du søkjer om forsørgjarstipend for. Les meir om korleis inntekt og formue kan redusere stipendet.

Behovsprøving mot inntekta til ektefelle, sambuar eller partnar

Er du gift, sambuar med felles barn eller registrert partnar, er forsørgjarstipendet avhengig av kor stor inntekt ektefellen, sambuaren eller partnaren din har.

Når du søkjer om stipend og lån, oppgir du forventa årsinntekt (person- og kapitalinntekt) for ektefellen, sambuaren eller partnaren din. Ut frå inntekta du oppgir, vurderer vi om du har rett til forsørgjarstipend eller ikkje. Hvis du har rett til forsørgjarstipend, innhentar Lånekassen opplysningar om faktisk årsinntekt når likninga er klar for det kalenderåret du søkjer om forsørgjarstipend for. Vi regulerer deretter forsørgjarstipendet i forhold til den faktiske inntekta, dette gjør vi ved å gjøre om stipend til lån.

Viktig! Dersom inntekta til ektefellen, sambuaren eller partnaren din blir lågare enn beløpet du oppgav i søknaden, må du sende inn opplysning om dette innan 15. november for haustsemesteret og innan 15. mars for vårsemesteret. Den enklaste måten å melde frå om lågare forventa årsinntekt, er å sende oss ein e-post inne på Dine sider. Du kan også sende oss eit brev.

Forsørgjarstipendet blir redusert med fem prosent per månad av person- og kaptialinntekta til ektefellen over kr 328 087 ved skattelikninga for 2012 og 341 210 ved likninga for 2013. Dette gjeld sjølv om ektefellen/ sambuaren/partnaren din er i ei utdanning vi kan gi støtte til. Står du igjen med et forsørgjarstipend etter at det er regulert mot ektefellens inntekt, behovsprøver vi samtidig beløpet mot din eigen person- og kapitalinntekt og mot din eigen og ektefellens formue. Vi hentar tala for dette frå samme skattelikning. Først når vi har kontrollert forsørgjarstipendet mot alle desse punkta, blir det fastsett kva du får i forsørgjarstipend for det enkelte året.