Betaler du skolepengar, kan du få ekstra lån.
Du kan få inntil 56 740 kroner i lån til skolepengar per undervisningsår i Noreg eller Norden. Er skolepengane høgare, må du dekkje resten sjølv. Studerar du eit halvår kan du få halve beløpet.
Du treng ikkje søkje spesielt om skolepengar. Ekstra lån til skolepengar leggast automatisk til om du søkjer om fullt stipend og lån på den vanlege søknaden når du studerar i Noreg.
Beløpet kjem i tillegg til det du får i vanleg stipend og lån. Lånet blir ikkje vurdert mot inntekta og formuen din.
Lån til skolepengar kjem på første utbetaling kvart semester.