Er du 25 år eller yngre (født i 1987 eller seinare) og må flytte heimefrå for å ta utdanning, kan du få reisestipend.
- Reisestipend blir rekna mellom heimstaden din i Noreg (folkeregistrert adresse) og lærestaden
- Reisestipendet er eit tilskot til to tur-retur-reiser i løpet av studieåret
- Ein eigendel på 2 120 kroner blir trekt frå
- Maksimalt reisestipend er 7 390 kroner for eit heilt studieår
- Er du over 25 år (født før 1987), får du reisestipend berre om du studerer i land utanfor Norden
- Reisestipendet blir automatisk berekna når du søkjer om stipend eller lån
- For utanlandske kvotestudentar gjeld eigne reglar for reisestipend