Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Sommarkurs

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 21.05.2012
Du kan i somme tilfelle få støtte til utdanning om sommaren. Du må søkje særskilt om det.

Tek du eit godkjent sommarkurs i Noreg, bruker du nettsøknaden på Dine sider. Ved andre typar studium i Noreg eller i utlandet om sommaren, må du sende inn eit eige brev.

  • Skal du ta kurs eller delstudium i utlandet om sommaren? Les meir her

Så mykje kan du få

Som student på sommarkurs kan du få det same beløpet du får per månad i det vanlege undervisningsåret. Du kan få slik støtte i inntil to månader. Tek du eit sommarkurs som er godkjent som ein sommartermin ved ein norsk lærestad, eller eit forkurs til ingeniørutdanning, kan du i tillegg få eit ekstra lån på inntil 4 080 kroner per månad sommaren 2012.

Korleis søkje om støtte til sommarkurs

Søknaden om støtte må ha komme inn til Lånekassen før kurset er avslutta. Du søkjer på Dine sider. Bruk søknaden for undervisningsåret 2011-2012. Godkjende sommarkurs finn du i nettsøknaden.

Støtte til studium som ikkje er eit godkjent sommarkurs

Du kan søkje om støtte dersom semesteret ditt blir forlengt med minst to veker etter 15. juni. Du kan ha rett til støtte dersom det er fastsett i utdanningsprogrammet ditt at undervisninga må skje i sommarterminen. Du kan også få støtte dersom du kan dokumentere at du sparer inn på normert studietid. Undervisningsopplegget du søkjer om støtte til, må vare i minst to veker.

For å søkje om støtte til dette må du sende eit brev til oss. Legg ved dokumentasjon frå lærestaden din som viser at undervisninga er fastsett i utdanningsprogrammet ditt, eller at du sparer inn på normert studietid.

Feltarbeid om sommaren
For å få støtte til feltarbeid må du leggje ved dokumentasjon frå rettleiaren din som viser at det er nødvendig at feltarbeidet skjer om sommaren. Det gjeld ved fag som biologi, geologi og arkeologi.

Spesielle forhold

Studerer du vanlegvis i utlandet og skal ha praksis i Noreg, må du melde frå til Lånekassen om du skal bu saman med foreldra dine i praksisperioden.

Dersom du betaler skolepengar, kan Lånekassen vurdere om du kan få støtt til det. Du kan ikkje få slik støtte dersom du allereie har fått  maksimalt beløp for skolepengar til det ordinære undervisningsåret.