Vanleg vidaregåande opplæring
Stipend frå Lånekassen blir behovsprøvd mot inntekta og formuen til forsørgjarane dine (foreldre/steforeldre).
Unnatak er utstyrsstipendet til elevar i videregåande skule, bustipendet og reisestipendet. Storleiken på desse stipenda blir ikkje påverka av inntekta og formuen til foreldra dine.
Dersom du har lærlinglønn eller trygd medan du tek utdanning, vil det også påverke kor mykje du kan få i stipend.
Høgare utdanning og anna utdanning
Utdanningsstipendet og forsørgjarstipendet blir behovsprøvde mot inntekta og formuen din. Alle blir kontrollerte på etterskott når likninga er klar. Lånekassen bruker likningsopplysningane som vi får frå skatteetaten.