Du har plikt til å melde frå dersom det blir endringar i forhold til det du har opplyst i søknaden, og om du avbryt utdanninga.
Du må melde frå til Lånekassen dersom du
- avbryt eller tek ein pause i utdanninga
- skifter lærestad eller endrar den faglege planen
- betaler mindre i skolepengar enn det du gav opp i søknaden
- endrar bustadadresse eller sivilstand
Den enklaste måten å melde frå til Lånekassen på, er å sende oss ein e-post inne på Dine sider. Du loggar inn med MinID.
Dersom du ikkje melder frå om endringar, eller gir feil opplysningar, kan Lånekassen gjere om stipend til lån og krevje at du umiddelbart betalar tilbake støtte du ikkje skulle ha fått. Vi kan også nekte å gi deg meir utdanningsstøtte. Grove tilfelle blir melde til politiet.