|
Grunnlag for å søkje om støtte frå Lånekassen
|
Dokumentasjon som du må leggje ved søknaden
|
|
Opphald på grunn av asyl (flyktningstatus)
Bur du i asylmottak, har du ikkje rett til støtte. Skal du ta vanleg videregåande opplæring og framleis bur i asylmottaket etter at søknaden om vern (asyl) er innvilga, kan du berre få utstyrsstipend. Du kan få vanleg støtte når du har flytta ut av asylmottaket.
|
Du må sende inn både
- kopi av vedtaksbrevet du fekk frå Utlendingsdirektoratet (UDI) etter at du kom til Noreg, som viser når du fekk asyl, og
- kopi av gyldig opphaldsløyve
Får du, eller har du søkt om introduksjonsstønad, må du leggje ved kopi av vedtaket som viser perioden du får introduksjonsstønad.
|
|
Opphald på grunn av humanitære årsaker
Bur du i asylmottak, har du ikkje rett til støtte. Skal du ta vanleg videregåande opplæring og framleis bur i asylmottaket etter at opphaldsløyve er innvilga, kan du berre få utstyrsstipend. Du kan få vanleg støtte når du har flytta ut av asylmottaket.
|
Du må sende inn både
- kopi av det første vedtaksbrevet du fekk frå Utlendingsdirektoratet (UDI), som viser grunnlaget for at du fekk opphald i Noreg, og
- kopi av gyldig opphaldsløyve
|
|
Gift med norsk statsborger
Du er gift, sambuar med felles barn eller partnar med norsk statsborgar, og begge bur i Noreg.
|
Du må sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve (gjeld ikkje nordiske borgarar) og
- kopi av stadfesting på ekteskap eller registrert partnarskap med norsk statsborgar, eller
- kopi av fødselsattest for felles barn med norsk sambuar
|
|
Du har opphaldsrett som familiemedlem til EØS-borgar
EØS-borgaren må ha eit anna opphaldsgrunnlag i Noreg enn utdanning.
|
Du må sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve (gjeld ikkje nordiske borgarar) og
- kopi av vedtak frå Utlendingsdirektoratet (UDI) eller politiet som viser at du er gjenforeint med ein familiemedlem som har opphaldsløyve i Noreg (gjeld ikkje nordiske borgarar), eller
- kopi av gyldig opphaldsløyve for den personen du har familiegjenforeining med (gjeld ikkje nordiske borgarar)
Er du nordisk statsborgar, kan du også få støtte etter dette punktet. Du må sende inn opplysningar om familien din i Noreg. Med familie meiner vi her far, mor, ektefelle, eller sambuar som du har felles barn med. Du må gi opplysningar om namnet hans/hennar, fødselsnummer, adresse i Noreg, kor lenge han/ho har budd i Noreg, og kva han/ho gjer i Noreg (for eksempel arbeid eller utdanning).
|
|
Du har arbeids-, opphalds- eller busetjingsløyve i familiegjenforeining med norsk eller utanlandsk statsborgar
Den du har familiegjenforeining med, må ha eit anna opphaldsgrunnlag i Noreg enn utdanning.
|
Du må sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve (gjeld ikkje nordiske borgarar) og
- kopi av vedtak frå Utlendingsdirektoratet (UDI) eller politiet som viser at du er gjenforeint med ein familiemedlem som har opphaldsløyve i Noreg (gjeld ikkje nordiske borgarar) og
- kopi av gyldig opphaldsløyve for den personen du har familiegjenforeining med (gjeld ikkje nordiske borgarar)
Er du nordisk statsborgar, kan du også få støtte etter dette punktet. Du må sende inn opplysningar om familien din i Noreg. Med familie meiner vi her far, mor, ektefelle, eller sambuar som du har felles barn med. Du må gi opplysningar om namnet hans/hennar, fødselsnummer, adresse i Noreg, kor lenge han/ho har budd i Noreg, og kva han/ho gjer i Noreg (for eksempel arbeid eller utdanning).
|
|
Du er under 19 år og har fått arbeids-, opphalds- eller busetjingsløyve fordi ein av foreldra dine har arbeids-, opphalds- eller busetjingsløyve i Noreg
Det er en føresetnad at ein av foreldra dine bur i og er skattepliktig til Noreg.
|
Du må sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve (gjeld ikkje nordiske borgarar) og
- stadfesting som viser at ein av foreldra bur i Noreg (bustadsattest frå folkeregisteret) og
- kopi av arbeids-, opphalds- eller busetjingsløyve for ein av foreldra dine (gjeld ikkje nordiske borgarar) og stadfesting som viser at same forelderen skattar til Noreg (stadfesting frå arbeidsgivar eller likningskontor)
Er du nordisk statsborgar, kan du også få støtte etter dette punktet. Du må sende inn opplysningar om familien din i Noreg. Med familie meiner vi her far, mor, ektefelle, eller sambuar som du har felles barn med. Du må gi opplysningar om namnet hans/hennar, fødselsnummer, adresse i Noreg, kor lenge han/ho har budd i Noreg, og kva han/ho gjer i Noreg (for eksempel arbeid eller utdanning).
|
|
Kola Du har fått opphaldsløyve etter ordninga for nordmenn som har utvandra til Kola, eller som etterkommar etter dei.
|
Du må sende inn
- vedtak frå UDI som viser at du har fått opphaldsløyve etter ordninga for nordmenn som har utvandra til Kola, eller som etterkommar etter dei
|
|
Fulltidsarbeid Du har vore busett i og hatt samanhengande fulltidsarbeid i Noreg i minst 24 månader like før du begynner i utdanninga, og har betalt skatt til Noreg i denne perioden. Du må ha hatt opphaldsløyve som arbeidstakar. Ver merksam på at au pair-arbeid ikkje blir rekna som fulltidsarbeid og dermed ikkje gir rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen.
|
Du må sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve (gjeld ikkje nordiske borgarar) for heile perioden. Au pair-arbeid blir ikkje rekna som fulltidsarbeid og gir derfor ikkje rett til utdanningsstøtte frå Lånekassen
- dokumentasjon frå arbeidsgivar som viser at du har hatt samanhengande fulltidsarbeid i Noreg i minst 24 månader like før du begynte i utdanninga. Det blir kravt logoark eller stempel frå arbeidsgivar i tillegg til underskrift
- stadfesting frå arbeidsgivar, utskrift av likning eller annan dokumentasjon som viser at du har betalt skatt til Noreg i same periode
|
|
Utdanning Du kan ha rett til støtte dersom du har teke utdanning i Noreg i minst tre år like før undervisningsåret og du har bestått utdanning som tilsvarer minst tre års fulltidsutdanning. Du kan ikkje ha fått støtte til utdanninga gjennom Lånekassen, Norad, Erasmus Mundus, The Norwegian Program for Development, Research and Education (NUFU), Centrala studiestödsnämnden (CSN), Uddannelsesstyrelsen, Afdelingen for Uddannelsesstøtte (tidlegare SU) eller tilsvarande ordningar.
|
Du må sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve (gjelder ikkje nordiske borgarar)
- karakterutskrift eller vitnemål
|