Er du
lærling med ungdomsrett og har godkjent lærekontrakt, kan du søkje stipend og lån frå Lånekassen.
Lærling utan ungdomsrett? Les meir her.
Du må ha godkjent lærekontrakt for å søkje
- Det er fagopplæringskontoret i fylkeskommunen som godkjenner lærekontrakten
- Fylket som er oppført på lærekontrakten, er det fylket du skal opplyse om i søknaden til Lånekassen
- Er du bortebuar får du eit bustipend på 3 920 kroner per månad
- Som bortebuar kan du få reisestipend, eigendel på 1 030 kroner per år
- Les meir om å vere lærling her
Du kan ikkje søkje om støtte frå Lånekassen før du har fått godkjent lærekontrakt. Dersom du har spørsmål rundt lærekontrakten din, må du ta kontakt med fagopplæringskontoret i fylket ditt eller bedrifta du er lærling i.
Dersom du avbryt ein lærekontrakt og skriv under på ein ny kontrakt i eit anna fylke, kan det hende at du ikkje automatisk beheld ungdomsretten din. Det kan du sjekke med opplæringskontoret i heimfylket ditt.
Her finn du kontaktinformasjon til fagopplæringskontora.
Søknadsfrist
Søknad for skoleåret 2012–2013 må Lånekassen ha motteke innan 30. juni 2013, eller innan kurset er ferdig (når lærekontrakten er avslutta), dersom kurset blir avslutta før 30. juni 2013.
Skoleåret 2011–2012
Søknad for skoleåret 2011–2012 må Lånekassen ha motteke innan 30. juni 2012, eller innan kurset er ferdig (når lærekontrakten er avslutta), dersom kurset blir avslutta før 30. juni 2012. Bustipend for skoleåret 2011–2012 er på 3 850 kr per månad.