Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Sjekkliste for lærlingar

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 26.03.2012
Har du ikkje fått pengar ennå? Sjekk punkta under og sjå om du manglar noko.

Du må ha godkjent lærekontrakt

Kontrakten du har med bedrifta må være godkjent av opplæringskontoret i fylket. Lånekassen får beskjed frå fylket når kontrakten er godkjent.

Ikkje fått kontrakt

Ta kontakt med bedrifta der du skal være lærling og be om kontrakt. Du kan ikkje få støtte frå Lånekassen utan godkjent lærekontrakt.

Bekrefta buadresse for bortebuarar

Dersom du bur borte medan du er lærling og har ungdomsrett, må fylkeskommunen stadfeste reiseavstand mellom busted og lærebedrifta til Lånekassen.  

NB: Fylket kan ikkje gjera dette før du har godkjent lærekontrakt.

Følg søknaden på Dine sider

Sjekk status for søknaden din på Dine sider, har vi fått all nødvendig dokumentasjon vil du sjå dette på Dine sider. Du vil få ein e-post eller SMS når søknaden er ferdig behandla. 

Dersom du har godkjent lærekontrakt og status ikkje endrar seg, ta kontakt med opplæringskontoret ditt.