Kva er sjukestipend?
Sjukestipend betyr at lån blir gjort om til stipend når du blir sjuk i ein periode du får støtte frå Lånekassen. Vanleg stipend blir gjort om til sjukestipend.
Tek du vidaregåande utdanning med ungdomsrett, kan du få sjukestipend i den perioden du er sjuk hvis du fyller krava til sjukestipend. Beløpet du får som sjukestipend er det same som du ville ha fått i stipend og eventuelt lån dersom du ikkje var sjuk, og vil bli gradert i forhold til om du er heilt eller delvis sjukmeld.
Tek du høgare eller anna utdanning (all utdanning utanom vidaregåande med ungdomsrett), og blir sjuk og difor ikkje kan følgje undervisninga, kan du også få sjukestipend. Då får du gjort om lån til stipend i sjukdomsperioden. Beløpet du får som sjukestipend er det same som du ville ha fått i lån og stipend til samen i den perioden du er sjuk, og vil bli gradert i forhold til om du er heilt eller delvis sjukmeld.
I tillegg kan sjukdom hjå eigne barn under tolv år gje rett til sjukestipend etter dei same reglane som ved eigen sjukdom. Ordninga med sjukestipend gjeld også når du må avbryte utdanninga på grunn av sjukdom.
Kven kan få sjukestipend?
For å få sjukestipend må du oppfylle desse vilkåra:
- Du kan berre få sjukestipend for sjukdomsperiodar som oppstår etter at søknaden din om støtte er kome inn til Lånekassen.
- Du kan ikkje vere sjuk når undervisninga startar. Vi kan gjere unntak dersom du er i gang med ei fleirårig utdanning.
- Du må vere 100 prosent sjukemeld
- Du kan ikkje ha rett til sjukepengar eller arbeidsavklaringspengar frå folketrygden i sjukdomsperioden.
Gradert sjukestipend
I kjølvatnet av terrorhandlingane den 22. juli bestemte Kunnskapsdepartementet at det skulle innføras ei midlertidig ordning med gradert sjukestipend for undervisningsåret 2011-2012. Ordninga gjeld alle studentar. Du kan lesa meir om dette her.
Kor lenge kan du få sjukestipend?
Du kan få sjukestipend for inntil fire månader og to veker i løpet av eit undervisningsår.
Lån for dei første 14 dagane av den tida du er sjuk (karenstid), kan ikkje bli gjort om til sjukestipend. Med andre ord vil denne ordninga først gjelde når du er sjuk i meir enn 14 dagar.
Kronisk sjukdom
Kronisk sjuke vil normalt ikkje bli omfatta av ordninga, fordi det er eit krav at du er frisk når skoleåret/semesteret startar. Er sjukdommen av ein slik karakter at det berre er sjuk i periodar, kan du søkje om sjukestipend for desse periodane dersom dei varer lengre enn 14 dagar.
Graviditet – sjuk i svangerskapet
Dersom du blir sjuk i svangerskapet, kan du ha rett til sjukestipend. Du kan også ha rett til foreldrestipend ved fødsel.
Slik søkjer du
Du må fylle ut "Søknad om sjukestipend" (skjema S), som du kan skrive ut frå skjemasida. Du skal bruke dette skjemaet også dersom du tek vidaregåande utdanning med ungdomsrett og skal ha omgjort vanleg stipend til sjukestipend.
Du må få ei stadfesting frå legen eller andre med sjukmeldingsrett (gjeld for eksempel enkelte manuellterapeutar og kiropraktorar).
Søknadsfrist
Søknaden må vere kommen inn til Lånekassen seinast seks månader etter at undervisningsåret eller kurset er avslutta.