Informasjonen på denne sida gjeld ikkje for deg som er i vanleg vidaregåande opplæring.
Kontrollen av inntekt og formue skjer når vi får likninga frå skatteetaten. Tala vi bruker, er:
- all skattepliktig arbeidsinntekt (inkludert feriepengar)
- alle skattbare trygde- og pensjonsytingar
- alle kapitalinntekter (som renter av bankinnskott, utleige av fast eigedom utanom næring, aksjeutbytte og skattepliktig gevinst ved sal av aksjar og verdipapirfond)
- nettoformue
Person- og kapitalinntekta di er summen av alle inntektene dine før frådrag. Nettoformuen er summen av verdien av det du eig, minus den totale gjelda di (for eksempel verdien av hus og bankinnskot, minus gjeld til Lånekassen og huslån).
Ein del skattbare trygde- og pensjonsytingar har lågare grense enn anna personinntekt. Dersom du for eksempel får støtte frå Nav, kan det vere at inntektsgrensa di er lågare.
Kva skjer dersom du har inntekt/formue over beløpsgrensene?
Stipendet ditt blir redusert dersom inntekta/formuen din er for høg. Stipendet blir redusert med fem prosent per månad av den inntekta som er over beløpsgrensa, og/eller med éin eller to prosent per månad av den delen av formuen som er over grensa. Utdanningsstipendet blir redusert først, deretter eventuelt forsørgjarstipend. Beløpsgrensene finn du lenger ned på sida.
Det stipendet du ikkje hadde rett til, blir gjort om til lån igjen, men vi krev ikkje at du skal betale det tilbake før du skal begynne vanleg tilbakebetaling av studielånet. Du kan sjå eksempel på utrekningar her.
Stipenda som blir kontrollerte mot likninga, er utdanningsstipend og forsørgjarstipend.
Utdanningsstipend er den delen av lånet ditt som blir gjort om frå lån til stipend når du består eksamen. Forsørgjarstipend er ekstra stipend du kan få dersom du har barn du forsørgjer.
Får du forsørgjarstipend, kontrollerer vi også person- og kapitalinntekta til ektefellen din, eller sambuaren din dersom du og sambuaren din har felles barn.
Frå og med undervisningsåret 2012-2013 gjeld beløpsgrensene både personinntekt og kapitalinntekt.
Grenser for person- og kapitalinntekt
For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha person- og kapitalinntekt over desse beløpa:
| Kalenderår |
Ved støtte heile kalenderåret |
Ved støtte i sju månader eller mindre per kalenderår* |
| 2013 |
kr 151 216 |
kr 378 041 |
| 2012 |
kr 145 400 |
kr 363 501 |
| 2011 |
kr 140 823 |
kr 352 059 |
| 2010 |
kr 136 061 |
kr 340 153 |
| 2009 |
kr 128 360 |
kr 320 899 |
| 2008 |
kr 122 247 |
kr 305 618 |
| 2007 |
kr 116 983 |
kr 292 458 |
| 2006 |
kr 113 027 |
kr 282 568 |
| 2005 |
kr 108 680 |
kr 271 700 |
| 2004 |
kr 104 500 |
kr 261 250 |
| *Auka inntektsgrense gjeld dersom du følgjer eit utdanningsopplegg som varer i sju månader eller mindre i eit kalenderår, og du berre får støtte til dette opplegget, eller du får støtte for berre eitt semester i kalenderåret. |
Utdanningsstipendet og forsørgjerstipendet blir redusert med fem prosent per månad av det beløpet som er over grensene.
Vi ser bort frå eventuelle bidrag som du eller barna dine får.
Er du sjølvstendig næringsdrivande, blir personinntekta fastsett etter eigne reglar. Det er skattestyresmaktene som forvaltar desse reglane, og som fastset personinntekta til sjølvstendig næringsdrivande. Les meir på www.skatteetaten.no.
Grenser for formue
For å behalde maksimalt stipend må du ikkje ha nettoformue over desse beløpa:
| Kalenderår |
For einsleg søkjar |
Samla for søkjar og ektefelle/ søkjar og sambuar med felles barn |
| 2013 |
kr 344 021 |
kr 660 721 |
| 2012 haust |
kr 330 789 |
kr 635 308 |
| 2012 vår |
kr 287 643 |
kr 552 442 |
| 2011 |
kr 278 589 |
kr 535 053 |
| 2010 |
kr 269 168 |
kr 517 053 |
| 2009 |
kr 253 932 |
kr 487 786 |
| 2008 |
kr 241 840 |
kr 464 558 |
| 2007 |
kr 231 426 |
kr 444 553 |
| 2006 |
kr 223 600 |
kr 429 520 |
| 2005 |
kr 215 000 |
kr 413 000 |
| 2004 |
kr 206 910 |
kr 397 100 |
Er du einsleg, blir stipendet ditt redusert med to prosent per månad av den delen av formuen som er over grensene. Er du gift, registrert partnar eller sambuar med felles barn, blir stipendet ditt redusert med én prosent per månad av den delen av formuen som er over grensene.
Deltidsutdanning
Tek du deltidsutdanning, gjeld dei same inntektsgrensene som for fulltidsutdanning. Du vil likevel få ein mindre reduksjon av stipendet, alt etter kor mange prosent deltid du tek. Studerer du for eksempel 50 prosent deltid, får du berre halvparten av trekket som ein fulltidsstudent ville fått.