Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Heile den vidaregåande opplæringa i utlandet

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Denne sida gjeld deg som vil ta vidaregåande utdanning i utlandet, utanom utveksling. Vil du ha informasjon om å vere utvekslingselev, sjå sida "Utveksling i vidaregåande opplæring".

I Norden

Vi kan gi støtte til elevar i vidaregåande opplæring som er offentleg godkjent i studielandet, og som er godkjent av landet si eiga ”Lånekasse”. Dei fleste offentlege vidaregåande skoler vil vere godkjent.

Utanfor Norden

Det blir vanlegvis ikkje gitt støtte til vidaregåande opplæring utanfor Norden, til dømes til High School. Vi kan likevel gi støtte i enkelte tilfeller. Under ser du ei oversikt over desse unntaka. Sjå kapittel 35 i fjerde del av forskriftene for meir informasjon.

1. Vanleg vidaregåande opplæring

Elevar som er busette i utlandet på grunn av eigen sjukdom, og elevar som følgjer foreldre eller ektefelle busett i utlandet av spesielle årsaker, kan ha rett til støtte. Dette gjeld dersom ein av foreldra eller ektefellen er

  • i norsk utanriksteneste
  • i teneste for misjon eller norsk bistandsorganisasjon
  • i teneste som norsk representant for ein internasjonal organisasjon eller ein offentleg institusjon
  • i teneste i utlandet for norsk næringsliv
  • busett i utlandet på grunn av sjukdom

Årsaka til at du skal bu i utlandet må dokumenterast. Du må ha rett til vidaregåande opplæring etter opplærlingslova § 3-1 (ungdomsrett).

2. United World Colleges

Opptaket går gjennom Fylkesmannen i Vest-Agder. Sjå punkt A i vedlegget til fjerde del av forskriften for å sjå kva for lærestader som er aktuelle.

3. Enkelte franske lycéer

Opptaket går gjennom Fylkesmannen i Vest-Agder eller kulturkontoret ved den franske ambassaden. Sjå punkt B eller punkt D i vedlegget til fjerde del av forskriften for ei oversikt over dei aktuelle lærestadene.

4. Yrkesfagleg opplæring

Når tilsvarande utdanning ikkje fins i Noreg. Opplæringa må ha offentleg eller tilsvarande godkjenning i studielandet.

Dette kan du få

I Norden
Støtte til vidaregåande skole i Norden er det same som i Noreg. Merk at du ikkje kan få bustipend dersom du bur saman med foreldrene/forsørgjarane dine der du går på skole.

Utanfor Norden
Støtte til vidaregåande skole er den same som i Noreg. Merk at du ikkje kan få bustipend dersom du bur saman med foreldrene/forsørgjarane dine der du går på skole.

Betalar du skolepengar i tillegg, kan du få tilskot til dekning av skolepengar når skolepengane ikkje er dekt av andre og du tek vanleg vidaregåande opplæring. Tilskotet kan bli gitt med inntil 85 prosent av skolepengane, men maksimalt 82 300 kroner for skoleåret 2012 – 2013.

Reisestøtte

Elevar som tek vidaregåande opplæring i utlandet, kan ha rett til reisestøtte.

Du kan få tillegg til to reiser tur-retur i året mellom bustaden i Noreg og lærestaden. Tillegget blir gitt med 100 prosent stipend i Noreg, og med 70 prosent som stipend og 30 prosent som lån for reiser utanfor Noreg.

Du må betale ein eigendel på 686 kroner per skoleår.

Slik søkjer du

Søk om stipend og lån her. Du loggar deg inn på søknaden med MinID.

  • Du må opplyse kva du har teke av vidaregåande opplæring frå før, og kva for opplæring du planleggjer å ta i utlandet
  • Du må leggje ved dokumentasjon frå den utanlandske lærestaden på at du er teken opp til fulltidsutdanning

Søknadsfristar

Fristen for å søkje støtte er 15. november for hausten og 15. mars for våren.