Den gjennomsnittlege behandlingstida for søknader om stipend og lån til utdanning i utlandet har dei siste åra vore på åtte veker mellom mai og september.
På Dine sider kan du sjekke om søknaden din er behandla, kor mykje støtte du har fått, og kor lenge du må vente på svar. Vi rår deg til å bruke Dine sider. Du vil ikkje få kortare behandlingstid ved å kontakte ein saksbehandlar.
Om sommaren og hausten får Lånekassen inn svært mange søknader. Det kan gå frå ei til to veker frå vi har motteke søknaden din, til han er registrert og kan sjekkast på Dine sider. I somme periodar kan det gå så lenge som 12 veker frå ein søknad er registrert, til han er ferdigbehandla.
Når kjem pengane?
Vi begynner å sende ut gjeldsbrev/stipendmeldingar frå og med midten av juli, med somme unntak:
-
Australia, New Zealand, Sør-Afrika, land i Asia og Latin Amerika
Studerer du i eitt av desse områda og søkjer innan utgangen av mai, vil du til vanleg få gjeldsbrev/stipendmelding tilsendt i siste halvdel av juni.
-
Irland, Storbritannia, Tyskland, Sveits og Austerrike
Gjeldsbrev/stipendmeldingar til studentar i Irland, Storbritannia, Tyskland, Sveits og Austerrike blir sende ut frå og med midten av august på grunn av seinare semesterstart i desse landa.