Du som tek ei heil gradsutdanning i utlandet kan òg få støtte til delstudium i eit anna land, som del av utdanninga du er i gang med.
Kva for utdanningar kan du få støtte til?
Følgjande krav gjeld til delstudium frå lærestader i utlandet:
- Opphaldet må vere godkjend av lærestaden din som ein del av utdanninga du er i gang med
- Opphaldet skal ikkje føre til at du blir forseinka i utdanninga di
- Du må vere teken opp ved det utanlandske universitetet eller høgskolen
Lånekassen kan gi støtte til godkjend praksis i eit anna land når praksisopphaldet går inn i utdanninga du er i gang med.
Varigheit
Opphaldet i utlandet må vare i minst fire veker for at Lånekassen skal rekne det som delstudium. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphald etter avslutta utdanning.
Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge dette ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.