Her finn du informasjon om studieopphald i utlandet som del av ei høgare utdanning du er i gang med i Noreg (delstudium).
Kva for utdanning kan du få støtte til?
Følgjande krav gjeld for delstudium i utlandet:
- Opphaldet må vere godkjend av den norske lærestaden som ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg
- Opphaldet skal ikkje gjere at du blir forseinka i utdanninga di
- Du må vere teken opp ved det utanlandske universitetet eller høgskolen
Inngår opphaldet i eit fast utvekslingsprogram som gir rett til støtte, treng du ikkje noko særskild godkjenning. Vi kan gi støtte til godkjend praksis i utlandet når praksisopphaldet er ein del av utdanninga i Noreg. Lånekassen gir ikkje støtte til praksisopphald etter avslutta utdanning.
Utanlandske statsborgarar kan få støtte til delstudium i utlandet i inntil eitt år, når dei får støtte til utdanning i Noreg.
Varigheit
Opphaldet i utlandet må vare i minst fire veker for at Lånekassen skal rekne det som eit delstudium. Det er gjort unntak for kortare kurs ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma. Andre opphald under fire veker blir rekna som studieturar og gir ikkje rett til ekstra støtte.
Du kan få støtte til fleire delstudium i løpet av utdanningsprogrammet, så lenge dette ikkje fører til at du blir forseinka i utdanninga.