| Til delstudium som varer meir enn fire veker kan du få |
| Basisstøtte |
9 250 kroner i stipend og lån per månad. Les meir om basisstøtte her.
|
| Reisetillegg |
Reisetillegg blir gitt til ei reise tur-retur frå Noreg til studiestaden ved opphald på under seks månader og til to reiser tur-retur ved opphald på seks månader eller meir. Reisetillegget blir gitt som 70 prosent stipend og 30 prosent lån. Les meir om reisetillegg her.
|
Du kan få opp til 58 050 kroner per semester til skolepengar, støtte utover 29 685 kroner blir gitt som lån
|
|
% lån
|
% stipend
|
Lånebeløp
|
Stipendbeløp
|
|
Skolepengestøtte
|
30 %
|
70 %
|
37 270 kroner
|
20 780 kroner
|
Skolepengestøtta er stipend og lån til heil eller delvis dekning av skolepengar/kursavgift. Du kan lese meir om støtte til skolepengar her.
Kurs som varer under fire veker
Ved dei norske studiesentra i York, Kiel, Caen og St. Petersburg, og dei norske institutta i Aten og Roma kan du få
- basisstøtte (stipend og lån) som om du studerer i Noreg
- reiselån til éi reise tur-retur
- lån til skolepengar
Språkstipend
Tek du delstudium i eit ikkje-engelskspråkleg land, kan du få 17 040 kroner i språkstipend til eit førebuande språkkurs.
Krav for å få språkstipend
Alle fem krava under må vere oppfylte for at du skal kunne få språkstipend. Legg spesielt merke til krava om kor lenge språkkurset må vare og at kurset må være avslutta før du begynner på delstudiet ditt.
- Du må vere teken opp i ei utdanning
- Undervisningsspråket i utdanninga kan ikkje vere engelsk
- Språkkurset må vare i minst fire veker (måndag til fredag) og ha minst 15 undervisningstimar per veke
- Det er eit vilkår at språkkurset takast i forkant av delstudiet, og at kurset er avslutta når sjølve delstudiet startar
- Er det ei språkutdanning du er i gang med i Noreg, får du ikkje språkstipend
Ytingar frå andre
Dersom ytingar frå andre skal dekkje skolepengar, blir skolepengestøtta frå Lånekassen redusert krone mot krone. Utgangspunktet for reduksjonen er det beløpet du faktisk må betale i skolepengar. Stipend frå andre som skal dekkje utgifter til språkkurs blir trekt frå beløpet som kan bli gitt i språkstipend.