Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Slik søkjer du

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 14.06.2011
Alle som søkjer om stipend og lån frå Lånekassen, skal søkje på nett.

Du må leggje ved stadfesting frå den norske lærestaden din som viser

  • kva studieprogram du tek i Noreg
  • kva for lærestad i utlandet du skal studere ved, eventuelt stadfesting på opptak
  • at opphaldet er ein godkjent del av utdanninga du har begynt på
  • kor mange studiepoeng du får godkjent
  • varigheita av opphaldet  (frå-til-datoar)

Skal du betale skolepengar, må du leggje ved dokumentasjon frå lærestaden i utlandet som syner kor mykje du skal betale i skolepengar. Får du ytlingar frå andre som er meint å dekkje skolepengar, må du leggje ved stadfesting som viser beløpet.

Du kan bruke skjema som heiter "Vedlegg til søknad om delstudier i utlandet" (D-skjema). Du søkjer om stipend og lån på Dine sider.

Språkstipend

Du må leggje ved stadfesting frå språkskolen som viser

  • varigheita av språkkurset (frå-til-datoar)
  • antall undervisningstimar per uke

Du må leggje ved stadfesting frå lærestaden i utlandet på når sjølve fagstudiet byrjar, og kva språk det vert undervist på. Får du stipend frå andre som er meint å dekkje utgifter til språkkurs, må du leggje ved stadfesting som viser beløpet.

Svar på søknaden

Dersom du får støtte, sender vi deg eit gjeldsbrev. Du må skrive under og returnere det til oss. Når vi har motteke gjeldsbrevet, blir pengane ført over til den norske bankkontoen din. Du kan også signere gjeldsbrevet elektronisk. Det er enkelt og raskare enn å bruke papirgjeldsbrev.