Skal du søkje opptak til høgare utdanning i USA eller Canada? Då treng du ei førebels erklæring om du har rett til støtte frå Lånekassen. Du treng ei slik erklæring når du søkjer visum.
Førebels erklæring om retten til støtte er ei generell berekning av kva du kan få i støtte frå Lånekassen til den planlagde utdanninga, og at du vil få støtte dersom alle andre forhold er i orden. Føresetninga er at utdanninga er godkjent og at krava som blir stilt for å få støtte til utdanning i utlandet er oppfylt.
Forhold som gjer at du ikkje vil få støtte:
- Dersom du ikkje fyller dei generelle krava til statsborgarskap, generell studiekompetanse eller butid i Noreg
- Dersom du er meir enn eit år forseinka i utdanninga di
- Dersom du har betalingsmerknad eller misleghald av studielånet ditt
- Dersom du har fylt 65 år før 1. januar 2011. Hvis du blir over 45 år innan utdanninga er fullført, får du redusert lån, slik at gjelda kan bli betalt tilbake før du fyller 65 år
Opptak til lærestader i andre land
Når du søkjer om opptak til lærestader i andre land enn USA og Canada, er det som oftast nok å skrive at du søkjer støtte i Lånekassen. Lærestadene vil dessutan godta økonomisk garanti frå ein bank eller frå foreldra dine.
Her er namnet på Lånekassen på engelsk og fransk:
| Engelsk |
The State Educational Loan Fund, Norway |
| Fransk |
La caisse nationale de prêts pour l’éducation, Norvège |