Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Kven kan få støtte

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 08.03.2012
For å få støtte til studiar i utlandet må du som hovedregel vere norsk statsborgar. Er du statsborgar frå eit EØS-land, kan du på visse vilkår få støtte på linje med norske statsborgarar.

Botid i Noreg

Dersom du skal ta utdanning i land utanfor Norden, må du ha budd i Noreg i ein samanhengande periode på minst to år i løpet av dei siste fem åra før utdanninga startar. Vilkåret om butid gjeld både for norske og utanlandske statsborgarar som skal ta utdanning i land utanfor Norden. Det kan i visse tilfelle gjerast unnatak frå kravet om butid. Dette gjeld blant anna dersom du har vore busett i utlandet fordi ein av foreldra dine har vore i norsk utanriksteneste eller i teneste i utlandet for norsk næringsliv. Sjå § 33-7 i forskrifta om tildeling for meir informasjon om unnatak frå butidskravet.

Generell studiekompetanse

For å ha rett til støtte til utdanning i land utanfor Norden må du ha generell studiekompetanse i Noreg. Du må sende dokumentasjon til Lånekassen som viser at du har generell studiekompetanse i Noreg. Ver merksam på at norskkravet også gjeld når du skal studere i utlandet. Du finn informasjon om krava til generell studiekompetanse på nettsidene til Samordna opptak.

Vanleg vidaregåande opplæring

Den vanlegaste måten å oppnå generell studiekompetanse på er gjennom bestått treårig vidaregåande opplæring. Dette dokumenterer du med kopi av vitnemål som viser at du har generell studiekompetanse.

Andre vegar til generell studiekompetanse

Det finst også andre måtar å oppnå generell studiekompetanse på, blant anna etter 23/5-regelen. Sjå kap. 34 i forskrifta om tildeling og nettsidene til Samordna opptak.

Vidaregåande utdanning frå utlandet

Her finn du informasjon om kva som gir generell studiekompetanse i Noreg.

International baccalaureate (IB).

IB. Diploma gir generell studiekompetanse dersom ein har norsk på anten standard level eller higher level IB. Certificate som er bestått i 2009 eller seinare, kan også gi generell studiekompetanse. Du finn meir informasjon om IB her.

Realkompetanse

Det kan bli gjort unnatak frå regelen om generell studiekompetanse dersom du fyller minst 25 år i søknadsåret (kalenderåret) og har fått studierett på grunnlag av realkompetanse.  Ved opptak til medisin, veterinærmedisin og odontologi kjem likevel visse fagkrav i tillegg.

Dersom du begynner å studere utan å ha generell studiekompetanse, må du dekkje utgiftene sjølv fram til du eventuelt oppfyller alle vilkåra for å få støtte. Dersom du oppnår generell studiekompetanse medandu studerer, kan du søkje om støtte frå og med semesteret etter at du har fått generell studiekompetanse.

Du må ha endeleg opptaksbevis

Du må ha fått endeleg opptaksbevis, det vil seie eit opptaksbrev utan vilkår. Lærestaden og utdanninga må vere offentleg godkjende i studielandet. I tillegg må du vere på lærestaden og kunne følgje undervisninga.

Dokumentasjon av skolepengar og studieprogresjon

Studentar i land utanfor Noreg dokumentere fagleg progresjon og betalte skolepengar etter kvart studieår for å få vidare støtte. Meir informasjon om dette på sida "Utanlandsstudentar må dokumentere rett til støtte".