Informasjonen på denne sida gjeld deg som er statsborgar i eit EØS-land, og som ønskjer støtte frå Lånekassen til å studere i eit land utanfor Norden.
For å få støtte til utdanning i utlandet, må du som hovudregel vere norsk statsborgar. Unntak kan gjerast dersom du er borgar frå eit EØS- eller EFTA-land og fyller eitt av vilkåra nedanfor.
Du har status som arbeidstakar i Noreg
Det må vere ein fagleg samanheng mellom arbeidet ditt i Noreg og utdanninga du skal ta. Dersom du har blitt ufrivillig arbeidsledig på grunn av generelle endringar i arbeidsmarknaden, fell kravet om fagleg samanheng bort. Send inn både
- kopi av gyldig arbeidsløyve eller registreringsbevis (gjeld ikkje nordiske statsborgarar) og
- stadfesting frå den norske arbeidsgivaren din / dei norske arbeidsgivarane dine som viser perioden/periodane du har arbeidd i Noreg, kva arbeidet bestod i, og stillingsprosenten du har hatt
Du er barn av EØS- eller EFTA-borgar som har status som arbeidstakar i Noreg
Er ein eller begge foreldra dine nordiske borgarar, må du sende inn
- stadfesting som viser at ein av foreldra dine er arbeidstakar i Noreg
Er foreldra dine frå eit land utanfor Norden, må du sende inn både
- kopi av gyldig arbeidsløyve eller registreringsbevis for ein av foreldra dine og
- stadfesting frå arbeidsgivar på arbeid i Noreg
Er du sjølv frå eit land utanfor Norden, må du i tillegg til dokumentasjonen om foreldra dine sende inn
- kopi av gyldig opphaldsløyve eller registreringsbevis for deg
Du er gift / sambuar med felles barn / partnar med EØS- eller EFTA-borgar som har status som arbeidstakar i Noreg
Dersom ektefellen/sambuaren/partnaren din er nordisk borgar, må du sende inn
- stadfesting frå arbeidsgivar som viser at han/ho har arbeid i Noreg
Dersom ektefellen/sambuaren/partnaren din kjem frå eit land utanfor Norden, må du sende inn både
- kopi av gyldig arbeidsløyve eller registreringsbevis for han/henne og
- stadfesting frå arbeidsgivaren hans/hennar på arbeid i Noreg
Andre familiemedlemmer enn barn og ektefelle / sambuar med felles barn / partnar kan også ha rett til støtte. Les meir på lanekassen.no/forskrifter.
Du er EØS-borgar med varig opphaldsrett i Noreg, eller du er familiemedlem til EØS-borgar med varig opphaldsrett
Du må sende inn
- kopi av varig opphaldsbevis
Er du nordisk statsborgar, treng du ikkje varig opphaldsbevis. Vi kan likevel vurdere støtte dersom grunnlaget for varig opphald er til stades. Du må sende inn
- stadfesting som viser at du har vore busett i Noreg i ein samanhengande periode på minst fem år like før den utdanninga du no søkjer om støtte til. Du kan for eksempel sende inn stadfesting frå arbeidsgivar(ar) som viser at du har arbeidd i Noreg, eller stadfesting frå lærestad(er) som viser at du har vore i utdanning. Lånekassen sjekkar opplysningar om registrert butid i folkeregisteret.
Les om varig opphaldsrett på nettsidene til UDI.