Støtta du får frå Lånekassen, blir utbetalt som lån. Delar av lånet blir gjort om til stipend etter at du har bestått eksamen, eller når du har bestått heile utdanninga. Dette gjeld ikkje heimebuarar, som ikkje har rett til stipend.
Studentar i Norden og i land utanfor Norden
Når du har avslutta utdanninga i utlandet, må du sjølv sende inn kopi av vitnemål eller endeleg eksamensutskrift, slik at Lånekassen kan gjere om lån til stipend.
Når Lånekassen mottek vitnemål og/eller eksamensutskrift, vil vi gjere om lån til stipend etter gjeldande reglar for omgjering. Jo før du sender inn dokumentasjonen, jo før kan Lånekassen vurdere omgjering av lån til stipend.
Spesielt for deg som studerer utanfor Norden
Du må i tillegg dokumentere betalte skolepengar for siste skuleår dersom du ikkje tidlegare har sendt inn C-skjema med desse opplysningane.
Les meir: