Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Eksemplar på kor mykje du kan få i støtte

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
På denne sida kan du sjå eit konkrete eksemplar på kor mykje du kan få i støtte til utdanning i utlandet utanfor Norden.

Lånekassen deler støtta inn i tre hovedtypar: basisstøtte, skolepengestøtte og tilskudd til reiser. Les meir om dei ulike typane av støtte. Gå til støttekalkulatoren for å finne ut kor mykje du kan få inkludert tilskott til reiser og eventuelt forsørgjarstipend.

Utdanning på bachelornivå*

På bachelornivå blir skolepengestøtta gitt med 50 prosent stipend og 50 prosent lån av dei første 59 370 kronene du betaler i skolepengar. Skolepengestøtte utover dette blir gitt som lån, opp til maksimalt 116 100 kroner per år.

Type støtte Per år Lån Stipend
Basisstøtte 92 500
55 500
37 000
Skolepengestøtte 116 100
86 415
29 685
Til saman 208 600
141 915
66 685

Utdanning på masternivå*

På masternivå blir skolepengestøtta gitt som 70 prosent stipend og 30 prosent lån av dei første 59 370 kronene du betaler i skolepengar. Skolepengar utover dette blir gitt som lån, opp til maksimalt 116 100  kroner per år.

Type støtte Per år Lån Stipend
Basisstøtte 92 500 55 500
37 000
Skolepengestøtte 116 100
74 541
41 559
Til saman 208 600
130 041
78 559

Utdanning på PhD-nivå

Til Ph.D-utdanning får du heile skolepengestøtta som lån.

* Om eksemplane

  • Alle tal i tabellane er maksbeløp og i norske kroner
  • Tilskott til reiser er ikkje tatt med i denne oversikta. Det vil variere etter kvar du skal studere. Les meir om støtte til reiser
  • Ved einskilde utvalde lærestader med spesielt høge skolepengar kan det òg bli gitt  eit tilleggsstipend. Les meir om tilleggsstipendet her
  • Forsørgjarstipend til deg som har barn er ikkje teke med i oversikta.