Viss du blir forseinka i utdanninga du tek i utlandet, må du melde frå til Lånekassen.
Viss du blir forseinka i fulltidsutdanning, kan Lånekassen gje støtte i inntil eit år utover den fastsette tida (normert tid) for å gjennomføre eit studie.
Å være forseinka vil sei at du i den tida du har fått støtte, har
- stroke på eksamen og/eller
- utsett eksamen
Slik melder du frå viss du er forseinka i utdanninga
Du må sende inn skriftleg dokumentasjon på slike endringar på faks eller i posten med ei gong du veit at du er forseinka. Send inn
- eksamensutskrift med tydeleg angitt studiepoeng/credits/units
- stadfesting på kor mykje skolepengar du skal betale for det semesteret eller året du tar opp igjen fag
Du må også svare at du er forseinka i den årlige kontrollen til Lånekassen om faglig progresjon og skolepengar: skjema C ”Documentation of academic progress and tuition fees” (utanfor Norden) eller skjema N ”Dokumentasjon på faglig progresjon og eventuelle skolepengar” (i Norden).
Vilkår for vidare støtte
Det er viktig at du held fram med å studere ved den same studiestaden som du fekk støtte til. Du kan ikkje bytte studiestad eller reise tilbake til Noreg utan at det får konsekvensar for støtta frå Lånekassen.
Praktiske konsekvensar ved å være forseinka
Dersom du er forseinka i utdanninga får du ikkje stipend til skolepengar, men du kan få tilsvarande beløp som lån. Lånekassen kan berre gjere om lån til stipend for den tida som er normert studietid for utdanninga din.
Les meir om å være forseinka i utdanninga.