Hopp til innhold

Hopp til snarvei

Gå til login

Språkstipend

Undervisningsåret 2012–2013 - Sist oppdatert: 27.03.2012
Er du teken opp i ei utdanning i utlandet som gir rett til støtte, og som har eit anna undervisningsspråk enn engelsk, kan du få 17 040 kroner i stipend til eit førebuande språkkurs.
  • Språkkurset må vare i minst fire veker med minimum 15 timar undervisning fordelt over minst tre dagar per veke.
  • Du må til vanleg ta kurset i det landet du skal studere, som må vere eit ikkje-engelskspråkleg land utanfor Noreg.
  • Stipendet kan også gjeast til utdanning i Finland og på Island.

Det er ein føresetnad at du er teken opp i hovudutdanninga, og at språkkurset blir teke før du tek til på hovudutdanninga. Tek du ei heil grad, kan inntil to veker av språkkurset gå parallelt med hovudutdanninga. Dersom du tek delstudium, må du vere helt ferdig med språkkurset før du begynner på hovuddelen av utdanninga. Språkstipend kan også gis når du bare skal ta ein del av utdanninga du er i gang med i Noreg, i utlandet (delstudier). Les meir om språkstipend til delstudier.

  • Du kan ikkje få ordinær støtte for same periode som du får språkstipend.

Legg ved stadfesting når du søkjer

Du søkjer om språkstipendet samstundes som du søkjer om vanleg støtte. Legg ved stadfesting på opptak til språkkurset. Start- og sluttdato for språkkurset og talet på undervisningstimar per veke må gå tydeleg fram av stadfestinga.

Stipend til språkkurs frå andre

Vær merksam på at stipend frå andre enn Lånekassen til språkkurs fører til reduksjon i språkstipendet.

Desse får ikkje språkstipend

Du kan ikkje få støtte til språkkurs til same språk meir enn ein gong. Du kan heller ikkje få språkstipend dersom du får eller har fått støtte til tilretteleggingssemester innan same språk.