For at søknadsbehandlinga skal gå så kjapt som råd, er det viktig at søknaden din har med alle nødvendige vedlegg. Vi kan nemleg ikkje behandle søknaden din utan den nødvendige dokumentasjonen.
- Legg ved kopi av endeleg opptaksbevis frå lærestaden. Opptaksbeviset må vere utan faglege vilkår (såkalla "unconditional offer" på engelsk).
- Opptaksbeviset må vise namnet ditt , grad (bachelor, master og liknande) , fagområde, kor lenge studiet varer og skolepengar som du må betale for heile året etter eventuell rabatt. Generell prisliste frå studiestaden er ikkje tilstrekkeleg.
- Dersom du betaler skolepengar og skolepengane ikkje går fram av opptaksbeviset – legg ved dokumentasjon frå lærestaden på skolepengane. Hugs at Lånekassen berre dekkjer utgifter til reine skolepengar.
- Dokumentasjonen frå lærestaden skal vere eit offisielt brev.
- Legg ved vitnemål om generell studiekompetanse.
- Du søkjer om støtte på Dine sider.
- Legg ved dokumentasjonen som eit elektronisk vedlegg til søknaden på Dine sider.
- Du kan eventuelt ettersende dokumentasjonen på faks eller i posten.
|
Nokre tips før du reiser
|
|
Ønskjer du at foreldra dine skal ta kontakt med Lånekassen på dine vegner når du er borte, må du gi dei fullmakt. Send ein e-post frå Dine sider, faks til 22 64 26 36 eller send eit brev til: Lånekassen, postboks 36 Kalbakken, 0901 Oslo.
Utanriksdepartementet (UD) tilrår alle som tek utdanning i utlandet, å ha reiseforsikring. Sjekk at du har gyldig forsikring, og at landet du skal reise til, er dekt av forsikringa du har valt. Les meir om reiseforsikring på UD sine sider.
|