For at søknadsbehandlinga skal gå så kjapt som råd, er det viktig at søknaden din har med alle nødvendige vedlegg. Vi kan ikkje behandle søknaden din utan den nødvendige dokumentasjonen.
Du må dokumentere fagleg progresjon
Hugs pliktene dine
Som kunde i Lånekassen er du pliktig til å gi rette og fullstendige opplysningar.
- Hugs å melde frå om endringar i forhold til det som blei opplyst i søknaden (opplysningsplikt). Meld frå om endringar som for eksempel byte av lærestad og fagretning, forseinking, avbrot eller sjukdom. Du må sende inn skriftleg dokumentasjon på slike endringar, på faks eller i posten.
- Ver merksam på at Lånekassen reagerer strengt på brot på opplysningsplikta.
- Reaksjonsformer på misleghald kan vere omgjering av stipend til lån, rentebelastning i støtteperioden, umiddelbart krav om tilbakeføring av støtte, avslag på støtte eller betalingslette. Dei mest alvorlege tilfella kan bli melde til politiet.
- Det er viktig at du les breva frå Lånekassen, og at du sender inn den dokumentasjonen vi ber om. Lånekassen ønskjer så få misleghaldssaker som råd, men får mange slike saker fordi vi ikkje får svar på breva vi sender ut.